Izabell lanserer debutplate med skytespel

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 19.11.2018 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 16.november slepper rapparen Izabell, kjent for mellom anna P3-remixen av Attitudeproblem, debutplata si på det nye plateselskapet STVG Kartell.

Benedikte Izabell Ekeland, som er 28-åringens fulle namn, er ein av gründerane bak plateselskapet og kollektivet som tek sikte på å få dei urbane artistane i Stavangerområdet opp og fram.

Her kan du høyra tittelsporet:

Stavangeruttrykk

Skjermdump frå mobilspelet «Skyt meg».

Til den lokale nettstaden Byas.no skryt Izabell av dei lokale talenta, som har produsert og miksa sju av dei åtte låtane på plata.

– Det kjem ikkje alltid fram kor vanvettig bra folk det er i denne byen, seier ho til nettstaden.

Albumet har fått tittelen Skyt meg, som er eit uttrykk som er flittig brukt i Stavanger.

«Skyt meg» kan anten brukast når du er irritert eller har gjort en feil, eller så kan det ifølgje Izabell brukast litt som «come at me».

Skyt Izabell!

Saman med platelanseringa har Izabell òg fått laga eit eige spel der publikum vert utfordra til skyteduell. I spelet, som er ein app tilgjengeleg via Apple Store og Google Play, er premien sniklytt frå det nye albumet.

Kreativ promotering

Izabell er ikkje åleine om å nytte kreative verkemiddel for å promotere musikken sin. I 2013 vann byråa Haaland, Eidsvåg & Strøm og Anorak pris for appen «Kaizervirus», der fansen kunne dele Kaizers Orchestra sin nye musikk før det offisielle platesleppet.

Framtida.no skreiv òg nyleg om Siri Elton, som spelte musikken sin på gata for å få folkets dom.

– Det er så sinnsjukt mange som er flinke, og for å få merksemd for musikken sin så må ein finne på nye ting, sa 19-åringen til Framtida.no.

Tidlegare Urørt-vinnar og Framtida-skribent Jon Olav har på si side sendt ut kjedebrev med link til si eiga nettside for å promotere debutplata «Ung poesi».