Vekas musikktips: frå eit bulgarsk kor til sunnmørske pop-tonar

Jon Olav Sandal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vekas nykomar

Amanda Tenfjord – Pick a Card

Det kan argumenterast for at eg er noko inhabil når eg kjem med tips for vekas nye låt, då eg og artisten kjem frå same stad. Men Amanda Tenfjord frå Sunnmøre har verkeleg laga ei fin låt som heiter «Pick a Card» og eg har lyst til å gi den litt merksemd.

Låta er den siste singelen i Tenfjord sin første EP, som kom ut samtidig som singelen sist fredag.

Songen startar ganske lågmælt med berre ein synthesizer og stemma til Amanda Tenfjord. Ei stemme som opplevast veldig nær og eg kjenner at eg blir veldig rolig av å høyre på den. Tryggheitsfølelse er eit ord som poppar opp. Ho har ei djupheit i stemma som er ganske unik og veldig behagelig å høyre på, spesielt når ho syng i litt lågare register. Dei låge partia skaper også ein veldig fin kontrast til der ho syng i lysare register, som ho også meistrar vel så fint som dei lave. Litt utover i låta blir ho akkompagnert av ei fin strykerekke som får meg til å lengte etter vinteren.

Eg får lyst til å sette meg i bilen, køyre opp på hytta, fyre i peisen og sette på denne låta medan eg kosar meg med bok. Eller kanskje eit parti sjakk? (Heia Magnus..)

Prøv vår musikk-quiz: Kan du fullføre teksten?

Vekas gæmlis

Le Mystère des Voix Bulgares – Kaval Sviri

Denne veka har eg gått djupt ned i arkivet mitt for å finne ein «slager». Rett og slett så djupt at songen ikkje er å finne på Spotify eller andre strømmetenester. Riktig nok har det eksistert på strømmeplattformane før, men av uvisse grunnar har det blitt fjerna. Heldigvis kan ein finne songane på Youtube.

Uansett! Vi skal til bulgarske folketonar og ei samling låtar som har fått namnet Le Mystère des Voix Bulgares, som tyder: mysteriet om bulgarske stemmer. Nærare bestemt skal vi sjå på ei låt som heiter Kaval Sviri, som er framført av koret Bulgarian State Television Female Vocal Choir.

Denne låta er eit reint vokalverk framført i ein bulgarsk vokaltradisjon. Det høyrest kanskje enkelt ut, men alle som har drive litt med song veit at dette er alt anna enn enkelt.

For å sette det litt i perspektiv. Eg vil bli ganske så overraska om det finnast eit kor i Norge som klarer det same som desse damene. Litt på grunn av det songtekniske, men også på grunn av det harmoniske. Det skil seg veldig frå den vestlege harmonikken og det er ein del detaljar i melodiane som dei fleste av oss i vesten ikkje vil legge merke til ein gong.

Det er også ei veldig spesiell stemning i songen som eg syns blei godt beskrive i eit kommentarfelt på Youtube. Det står: korleis klarer dei å vere så forstyrrande, men fortsatt så beroligande.

Har du lyst på fleire spanande toner? Høyr mongolsk strupesong, jodling og makedonsk song her!

Vekas spådom

Jay-Z – Empire State of Mind

Før eller sidan var eg nøydd til å ha med Jay-Z i gruppa over spådom om framtidas slager. Trass den relativt kontroversielle saka der sjefen sjølv tilsynelatande hadde tukla med strømmetala til kona Beyoncé og kompisen Kanye West, så må eg sei at eg har stor respekt for Jay-Z.

Etter mitt syn er han ein av dei verkeleg store figurane i hip-hop-verda og han står bak nokre av dei største låtane på denne sida av 2000-talet.

Blant dei er Empire State of Mind, som er eit samarbeid med Alicia Keys. Ei låt som i stor grad hentar inspirasjon i frå den gamle måten å lage hip-hop der ein samplar låtar og rappar på det. Det vil sei at ein kopierer delar av ei allereie innspelt låt og bruker utdraget i si eiga låt. Samtidig viker det ganske langt frå den gamle tradisjonen med eit refreng som er langt inne i pop/soul-verda. Ein vaskekte hip-hoppar vil nok ikkje vere svært begeistra for denne blandinga, men eg meiner at Jay-Z har henta det beste frå to verder.

Ironisk nok gir låta meg ein følelse av å køyre bil på vest-kysten, sjølv om dei syng om New York.

https://www.youtube.com/watch?v=Eww7ahPd8r4

Les også: Songen som endra alt