Multitasking bak rattet: – Ikkje greitt, men gjer det likevel

4 av 10 meiner det er greitt å ete og drikke medan dei køyrer bil, men liker ikkje at andre gjer det. Det viser nye tal frå Statens vegvesen. I hovudsak er dei unge meir positive til multitasking bak rattet enn dei eldre er.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein forskjell på kva eg synest er greitt og kva eg gjer sjølv, seier Anne Osvold (21), til framtida.no. Ho har hatt førarkort sidan ho var 18 år.

Anne Osvold (21) har hatt førarkort sidan ho var 18. Foto: Beate Haugtrø

– Ja, ein gjer ein del ting medan ein køyrer, supplerer venninne Anna Victoria Johansen (31).

Det er dei ikkje åleine om.

Statens vegvesen presenterte denne veka nye tal om kva folk synest er greitt og ikkje greitt når det gjeld multitasking bak bilrattet.

Tala viser at 19 prosent av dei som vart spurte meiner det er greitt å søke etter reiserute på GPS eller mobil, 39 prosent meiner det er greitt å ete og drikke medan ein køyrer, og 49 prosent meiner det er greitt å justere radio eller anna utstyr i bilen medan ein køyrer.

– Det er mange små ting som kan ta merksemda vekk frå sjølve bilkøyringa. Alle desse små distraksjonane blir til saman eit stort tryggleiksproblem i trafikken, seier Rita Aarvold i Statens vegvesen i pressemeldinga.

Les også: Sommartrafikken er meir døyeleg

Høg toleranse for å multitaske blant unge

Å ta blikket vekk frå vegen er det som gir størst risiko for ei alvorleg ulykke. Etter to sekund aukar risikoen for farlege hendingar drastisk, og 3 av 10 dødsulykker skjer på grunn av at føraren ikkje er merksam, informerer Statens Vegvesen.

Likevel er det høg toleranse for å multitaske som sjåfør. Spesielt blant unge bilistar.

Av dei som deltok i undersøkinga, synest dei mellom 18 og 29 år gjennomgåande at det er heilt greitt å gjera andre ting bak rattet, medan dei over 60 nesten har nulltoleranse for sideaktivitetar som forstyrrar merksemda når ein køyrer.

På alle punkta var det høgare terskel for å godta at andre bilistar multitaska.

Les også: Dobbel prikkbelastning har redusert talet på ulykker

Forskjell på haldning og praksis

Anna Victoria Johansen (31) er ein av dei 19 prosentane som synest det er greitt å bruke mobilen til å navigere i trafikken. Og både ho og venninne Anne Osvold synest det er greitt å ete og drikke, avhengig av om det er ein oversiktleg trafikksituasjon. Men å skrive meldingar medan ein køyrer er ikkje greitt.

Anna Victoria Johansen, og Anne Osvold trur det ofte er skilnad på haldningar og handling hos bilistane. Foto: Beate Haugtrø

– Eg svarer med ein tommel, til dømes. Men det er jo eigentleg heller ikkje bra, for det betyr jo at eg har lese meldinga først, seier Anna Victoria Johansen.

Dei er einige i at det er situasjonen som avgjer om det er greitt å multitaske. Det er til dømes forskjell på om ein køyrer i Oslo sentrum og har mykje å konsentrere seg om, eller om ein køyrer på ein lang strak landeveg der det berre går rett fram.

Begge bilistane er einige i at det er ukomfortabelt at andre sjåførar tastar på mobilen om dei sjølve er passasjerar, og at dei har høgare terskel for å gjere det når dei sjølve har passasjerar.

Undersøkinga frå Vegvesenet viser at fire av ti sjåførar ikkje har tillit til at andre bilistar er merksame nok.

Forskjellen på liv og død

Statens Vegvesen minner om at medan du let blikket, tankane eller hendene vandre, kan du rekke å køyre over ein heil fotballbane, nær sagt i «blinde».

– I trafikken tel kvart sekund. At merksemda di vandrar ein augeblink kan vera forskjellen på liv og død. Så brutalt er det faktisk, seier Rita Aarvold i Statens vegvesen.

Les også: Noreg verdsmeister i trafikktryggleik

Ferske tal om merksemd i trafikken:

Me har gjennomgåande større aksept for å eta, snakka og stilla inn GPS, radio og musikk sjølve, enn for at medtrafikantane gjer det same.

  • Greitt å eta og drikka – Eg: 39 prosent, andre: 36 prosent
  • Greitt å snakka med passasjerar – Eg: 89 prosent, andre: 83 prosent
  • Greitt å snakka i handfri telefon – Eg: 69 prosent, andre: 63 prosent
  • Greitt å justera radio eller anna utstyr i bilen – Eg: 49 prosent, andre: 40 prosent
  • Greitt å søkja etter reiserute eller -mål på GPS/mobil – Eg: 19 prosent, andre: 15 prosent

Aldersskilnadar – dei yngste har større aksept for sideaktivitetar under bilkøyring:

  • Dei yngste (18-29 år) meiner gjennomgåande at det er heilt greitt å gjera andre ting bak rattet, både for sin eigen del og for andre.
  • Dei over 60 har derimot nær nulltoleranse for sideaktivitetar som et av merksemdspotten

Ikkje tillit til medtrafikantar: 39,9 prosent er (heilt) ueinige i at de har tillit til at andre trafikantar er merksame nok.

  • Blikket vekk: 81,5 prosent er (heilt) einige i at dei fleste som er ute og køyrer ser vekk frå vegen og trafikken ei kort stund.
  • Blikket vekk frå vegen gir aller størst risiko.
  • 2 sekund ser ut til å vera ei kritisk grense for kor lenge ein kan ta blikket vekk samanhengande før risikoen for farlige hendingar aukar sterkt.
  • Med blikket vekk i berre 2 sekund, kan du køyra ei lang strekning i «blinde»

Kjelde: TØI og Wavemaker, 2018/vegvesen.no