John (100 1/2 år) fornya lappen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

John (100) fornya lappen

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.  http://www.nordhordland.no/radoy/nyhende/bergen/john-pettersen-100-1-2-ar-fornya-lappen-nok-ein-gong-det-var-same-procedure-as-last-year/s/5-33-60695 – Det var som på fjernsynet til kvar jul; Same procedure as last year. Eg måtte gjennom den vanlege rutinen. Du får ikkje noko gratis på kjøpet, sjølv om du er gammal, seier John Pettersen (100 1/2)

LES OGSÅ: Færre unge tek førarkortet 

Var ein stolt mann
Tidlegare denne veka var han inn til Bergen for å få beviset på at han framleis har lov til å køyra bil.

– Eg var litt stolt då eg passerte legetesten, må han innrømma.

– Men dette vert siste gongen eg fornyar førarkortet.

– Men da sa du jo i fjor og?

– Ja, men så sa eg til legen at eg skulle hatt meg eit nytt sertifikat, seier han og ler.

Pettersen sin fyrste bil var ein modell A Ford. Den gav han 25 dollar for. Seinare selde han den for 10 dollar. No køyrer han rundt i ein Toyota Corolla som han kjøpte ny i 1992.

– Det er kjekt å ha lappen om eg skulle ha meg ein privattur, seier han.

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje ta lappen før dei er 23 

Stryk ho over ryggen
Turane går stort sett til butikken og til velferdssenteret der han besøker ei yngre kusine.

Bilen hans står parkert i garasjen og vert omtala som ei kvinne.

– Ho har aldri svikta meg på 23 år, seier han.

Kvar gong før han skal ut og køyra, stryk han ho over ryggen.

– Står du her og ventar på meg, seier eg til ho før eg set meg inn, seier han.

– Kor langt har du køyrd ho?

– Det skjemst eg over seia til mannfolk, seier han og ler. 

Etter litt overtaling må han innrømma at han berre køyrd bilen litt over 70.000 kilometer, men dei har vore både i Kirkenes og Israel saman.

Han køyrde ikkje sjølv til Nygårdsgaten i Bergen då lappen skulle fornyast.

– Lettare i New York
– Det er lettare å køyra bil i New York enn kva det er i Bergen, meiner den tidlegare buss-sjåføren.

P. S: Å vera sjåfør i ein alder av snart 101 år, er ein svært respektabel ting. Men han har framleis eit stykke att før han vert landets eldste sjåfør. Det er ein austlending som fyller 104 år i løpet av 2016, opplyser Statens vegvesen. Det er elles fem nordmenn over 100 år, som har førarkort. Verdas eldste sjåfør skal ha vore 108 år før han parkerte bilen for godt.