Vindkraft på ope hav kan dekkje alt straumbehov

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er forskarar ved The Carnegie Institution for Science i Washington som har rekna ut at vinden på ope hav kan generere minst tre gonger så mykje energi som landbaserte vindturbinar.

– Resultata våre tyder på at ein slik teknologi, om han vart teknisk og økonomisk gjennomførbar, har potensial til å levere straum i verdsskala, går det fram av forskingsrapporten, som er publisert i tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences.

Årsaka til dei store vindgevinstane ute på havet er at energistraumane frå dei høgare laga i atmosfæren er mykje sterkare der enn nær land og på land.