Alle skular blir oppfordra til å tilby skulegudstenester

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram i ein ny rettleiar for skulegudstenester.

Etter ønske frå Stortinget om å rydde opp i regelverket rundt skulegudstenester, presenterer no Utdanningsdepartementet ein revidert, nasjonal rettleiar. Der heiter det at alle skular blir oppfordra til å tilby skulegudsteneste, eller eit likeverdig alternativ for elevar som ikkje ønskjer å delta i den tradisjonelle gudstenesta.

– Mange har spurt etter ein slik revidert rettleiar, og vi varsla allereie i vår at den ville vere på plass før årets julegudstenester, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) til NTB.

Les også: Ein agnostikars erkjenningar

Håpar på fleire gudstenester

FOTO: Berit Keilen / NTB scanpix

Enkelte stader i landet har det vore uro og uvisse knytt til gjennomføringa av skulegudstenester. I 2016 viste eit oversyn frå Kommunal Rapport at éin av fem skular, rundt 600 av dei 3.000 grunnskulane i landet, valde å droppe skulegudstenesta.

Statsråden håpar no at så mange som mogleg av kommunane og skulane legg til rette for skulegudstenester.

– Det er flott at mange skular tilbyr elevane besøk i kyrkja i samband med jul. Kristen tradisjon og kulturarv har ein naturleg plass i skulen, og gudstenester kan vere ein fin måte å oppleve dette på, seier Sanner.

Han meiner at den reviderte rettleiinga vil føre til at det er ei klarare ansvarsfordeling.

– Kommunane som skuleeigar avgjer om det skal vere tilbod om skulegudsteneste. Skulen bør ha dialog med foreldra og gi god informasjon i forkant av skulegudstenesta eller om det alternative opplegget, seier statsråden.

Les også: Over hundre tusen har meldt seg ut av kyrkja dei siste fire åra

Aktiv påmelding

Tidlegare vart det rådd til at skulane hadde påmelding til skulegudstenestene, men i den nye rettleiaren vert det ikkje teke stilling til om det bør vere påmelding eller avmelding. Det vil vere opp til skulane sjølv.

– Eg meiner nasjonale politikarar bør unngå detaljstyring av skulekvardagen, òg når det gjeld kultur- og tradisjonsformidling rundt jul og elles. Rettleiaren gir difor berre nokre rammer rundt skulegudstenester, seier Sanner.

For dei som ikkje vil delta i skulegudstenesta, står det i rettleiaren konkrete døme på kva skulane kan tilby i staden, mellom anna temadag, lesestund, songstund, lysfest eller andre aktivitetar.

I rettleiaren blir det òg understreka at alle skuleavslutningar skal vere inkluderande og tilrettelagde for alle, og at skulegudstenestene derfor ikkje bør vere del av skuleavslutninga.

Les også: Kristen studentleiar foreslår muslimsk heilagdag