– Sei nei til plast!

Oppmodinga kjem frå KVV-elevane Laith og Ida og gjeld den overdrivne bruken av plastemballasje i varehandelen.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Kvinnheringen.

– Forbrukarane bør bruka makta si til å redusera unødvendig plastbruk, meiner Laith Kordo og Ida Prestnes.

Kvinnheringen slo av ein liten prat med dei miljøbevisste elevane etter at miljø var på timeplanen i sist veke.

Det var spesielt mikroplastforsøplinga av havet som var tema då. Kenneth Bruvik, som nyleg fekk tildelt Fiskeridirektoratet sin miljøpris for 2018 for langvarig og engasjert kamp mot marin forsøpling, forskar Marie Haave frå Norce og Janne Hillerøy frå SIM heldt alle foredrag for elevane.

Les også: – Vi har undervurdert mengda mikroplast

– Som forbrukarar kan vi protestera

Laith og Ida er særleg opptatte av all den unødvendige plastbruken og det faktum at ein altfor stor del av denne går i havet eller i naturen på land.

– Som forbrukarar kan vi protestera på all plastbruken i butikkane, og vi må alle vera bevisste på den skaden mikroplast gjer i naturen. Hugs at handlenett kan brukast mange gonger, og at det er lett å få tak i nett av meir varig kvalitet. Bruk det! oppmodar Ida og Laith.

Akkurat dette visste dei frå før, men vi spør likevel om miljødagen tysdag var nyttig.

– Vi visste mykje om miljøskadar frå før, men det er alltid nyttig å bli minna på det og bli endå meir bevisste på kva vi kan gjera, summerer dei to opp.

Les også: – Magen på kvalen var fullstappa av plast

Alle kan bidra

– Plast klarer vi oss neppe utan, men kvar og ein kan bidra til at bruken blir avgrensa – og i det minste til at den blir kasta rett, slik at han kan bli resirkulert. Mange er redd for den kostnaden det er med å levera plast og anna søppel på SIM sine miljøstasjonar, men tenk på at det kostar meir om vi overlèt forsøplingsproblemet til neste generasjon, seier Laith.

Ida er heilt einig og legg til:

– Slik det er no kan vi faktisk seia at vi som er unge må rydda opp etter foreldregenerasjonen vår som ikkje har vore så miljøbevisste som unge menneske stort sett er i dag.

– Alle kan gjera noko, ikkje minst gjera eit forsøk på å produsera mindre avfall enn det vi gjer i dag, og å vera heilt bevisste på at boset etter oss vert rett handtert, slår Ida og Laith fast.

Les også: Plast i havisen i nord uroar