Hemsedal valde nøytralt framfor nynorsk
Politikarane i Hemsedal i Buskerud stemte ned nynorsken og vedtok at administrasjonsspråket i kommunen skal vera nøytralt.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det var på førehand venta at det kom til å bli jamt i spørsmålet om Hemsedal kommune skulle halda på nynorsk som administrasjonsspråk, skriv Hallingdølen.
Torsdag kveld vedtok politikarane i gå over til eit «nøytralt» administrasjonsspråk som gir tilsette og politikarar rom til sjølv å velja kva målform dei vil bruka – nynorsk eller bokmål.
Jamn språkkamp i kommunestyret
– Dette har vore ein av dei mest spennande og spesielle debattane i kommunestyret. Alle utanom meg har sagt noko, sa ordførar Oddvar Grøthe før representantane skulle stemma.
Stemmegivinga viste ein jamn språkkamp i kommunestyret. Nynorsken tapte med knappast mogleg margin, åtte mot ni stemmer, melder Hallingdølen.
Samstundes blei det vedteke at tenestespråket i Hemsedal skal vera nynorsk.
Les også: Kringkastingssjefen: Neste år skal NRK fylle nynorskdelen