Regjeringa vil ikkje ha overgrepsdømte i vidaregåande skule


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Personar som er dømde for seksuelt misbruk av mindreårige, skal ikkje få lov å jobbe i vidaregåande skular og folkehøgskular, meiner regjeringa og foreslår endringar i opplæringslova, friskulelova og folkehøgskulelova.
– Ungdom i vidaregåande skule skal kunne ha tillit til, og gode og trygge relasjonar til, alle tilsette på skulen. Som i barnehagar, grunnskulen og andre skulerelaterte arenaer ønskjer vi ikkje at overgrepsdømte jobbar tett med barn og unge, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Det er i dag forbod mot tilsetjing av personar dømde for seksuelt overgrep mot mindreårige i barnehage, grunnskule, i kommunal musikk- og kulturskule, i skulefritidsordning, i leksehjelpsordning og i skuleliknande aktivitetar som for eksempel sommarskule.
I vidaregåande skule er det i dag ikkje eit slikt forbod.
Det nye forslaget skal no ut på høyring med ein høyringsfrist på tre månader.