Nordmenn blant dei beste i verda på engelsk

Utanom engelskspråklege land, er det berre tre land som slår Noreg når det gjeld engelskferdigheiter, viser ein ny omfattande rapport.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 05.11.2018 08:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sverige tronar på toppen i rapporten Education First (EF) har utarbeidd. Nederland og Singapore følgjer bak, mens Noreg altså kjem på ein fjerdeplass. Danmark hamnar på ein femteplass.

Europa er framleis verdsdelen med høgast gjennomsnittleg engelskspråkleg nivå, trass i at land som Spania, Italia og Frankrike hamnar på høvesvis 32., 34. og 35.-plass.

Landa som kjem verst ut av språkundersøkinga er Afghanistan, Kambodsja, Usbekistan, Irak og Libya. I alt er det 88 land med i undersøkinga.

Les innlegget: Engelsk hot, nynorsk not?