Undersøking: Lokale medium er lite kritiske
Berre fem av hundre saker skrivne av lokale og regionale medium er kritisk vinkla, viser ei medieundersøking om lokaljournalistikk utført av Nord universitet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kritisk blikk på maktpersonar og maktforhold i samfunnet er sjølve kjernen i det journalistiske oppdraget. Så på dette området kan ein seie at det står skralt til i lokale og regionale medium, seier førsteamanuensis Birgit Røe Mathiesen ved Nord universitetet.
Undersøkinga viser vidare at lokale medium vier mest plass til sport. Kvar femte artikkel som blir publisert handlar om det. Samtidig skriv dei minst om innvandring, miljø og klima.
Les også: Startar stort samarbeid for å setja klima på dagsorden før lokalvalet
Mannsdominert og kjeldefattig
Kvar femte kjelde som blir intervjua i lokale- og regionale medium er leiarar i privat eller offentleg sektor. 18 prosent av kjeldene er sportsutøvar eller trenar. Av hovudkjeldene er 68 prosent menn og 32 prosent kvinner.
Røe Mathiesen viser til at halvparten av dei undersøkte sakene berre har ei enkelt kjelde. Lokale fådagarsaviser brukar éi kjelde i 53 prosent av sine saker. NRKs distriktskontor som deltok i undersøkinga, brukar éi kjelde i 37 prosent av sakene.
– Dei største redaksjonane har mest kritisk journalistikk og flest saker med fleire kjelder. Samtidig har dei minste avisene og NRK størst breidde i kjeldevalet. Det er også dei minste avisene og NRK som brukar mest plass på politiske saker.
Medieundersøkinga har tatt for seg innhaldet i 6.574 saker i både nett, papir, radio og TV på seks vekedagar spreidd utover 2017.
Les også: Journaliststudent: – Kjeldekritikk blir nemnt i kvar førelesing