logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
KULTUR

Harry Potter skal lære indiske studentar juss

Foto: Filmweb

Slavehald av husnissar, diskriminering av vareulvar og soningsforholda i Azkaban står på pensum.

Bente Kjøllesdal
Publisert 25.10.2018 16:10
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snart kan studentar det nasjonale universitetet i Vest-Bengal i nord-austlege India lære juss-prinsipp ved hjelp av Harry Potter, melder BBC.

Både Game of Thrones og Star Trek var oppe til vurdering, men valet fall på Harry Potter, som er enormt populær i landet.

Kurset har oppstart i desember og skal vare til midten av april. Dei 40 plassane er allereie fulle.

Hjernen bak kurset, professor Shouvik Kumar Guha, fortel at kurset er eit eksperiment som skal oppfordre til kreativ tenking.

Les også: Kva er greia med Harry Potter?

Frå fantasi til verkelegheit

Kurset heiter An Interface Between Fantasy Fiction Literature and Law: Special Focus on Rowling’s Potterverse.

Pensumet skal oppfordre studentane til å drage parallellar mellom den magiske verda og det indisk samfunnet, der diskriminering, tortur og slaveri framleis er eit problem mange stadar.

Ifølgje The Guardian håpar Guha at Potter-universet skal vere ein arena der studentane ikkje er førutinntekne i verdi-dommane sine, og at måten studentane tolkar handlingar i bøkene vil føre til at dei reflekterer litt meir kring scenario frå verkelegheita.

– Studentane våre trur diskrimineringa som føregår i Potter-universet er noko dei alle er samde om er feil, men i verkelegheita vil der vere tilfelle som nokre ser som diskriminering og andre ikkje, seier professoren.

Studentane skal difor granske korleis vesen som husnissar, kentaurar og kjemper er marginaliserte i samfunnet, og korleis avisa Aftenprofeten vert eit verkty for propaganda.

BBC skriv at pensumet til kurset vil innehalde nokre av dei følgjande temaa:

  • Dei juridiske tradisjonane og institusjonane, inkludert fridom og rettssikkerheita i eit magisk samfunn, og byråkratiet i Magidepartementet.
  • Utilgjevelege forbanningar, Wizengamot rettssakene, uskulda til Severus Svaart og straffeforfølginga av Tom Venster.
  • Sosiale verdiar, identitet og klasserettane som illustrert av slavehaldet av husnissar eller marginaliseringa av varulvar, kjemper og kentaurar.
  • Kontraktar og agens – til dømes, dei ubrytelege løftene og Slur og Føniks-ordenen.
  • Rumpeldunk og sportsrett på Galtvort.

Les også: Lukke vert pensum på indiske skular

Populærkultur på pensum

Dette er ikkje første gong Harry Potter vert nytta som utgangspunkt for eit fag. Allereie i 2010 tilbydde Universitetet i Durham eit fag i pedagogikk-utdanninga, som nytta Potter-universet som utgangspunkt for å granske fordommar, statsborgarskap og mobbing i dagens samfunn.

Her til lands har også universitet og skular late seg inspirere av populærkultur. I fjor haust prega Skam-fag både den digitale historieforteljinga og religionsstudium, samstundes dukka Noora opp på norskeksamen.

Les også om korleis SKAM har påverka identitetsarbeidet til skeive ungdomar.

  • KULTUR
  • MAGASINETT
  • SKULE OG JOBB
  • Bøker
  • Harry Potter
  • Undervisning
  • Utanriks
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

Kubanarar fryktar massedeportasjonar under Trump

Transkjønna tenåringar kjempar mot Trump sitt forbod i jentesporten

Ekspert om USA og Grønland: – Minner om tida før annekteringa av Krim

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT