Legestudentar meiner dei best kvalifiserte blir forbigått

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medisinstudentane har sendt ei bekymringsmelding til Helsedirektoratet, og fleire i administrasjonen i Helse Midt-Noreg og NTNU, ifølgje Dagens Næringsliv.

Tal frå Helsedirektoratet viser at våren 2018 gjekk berre 37,9 prosent av begynnarstillingane ved sjukehus i Midt-Noreg til legar med utdanning frå Noreg, mens snittet for sjukehusa i resten av landet ligg på 55,7 prosent.

Les også: Rekordhøge søkartal på legeturnus – men berre halvparten fekk plass

Helse Møre og Romsdal avviser påstanden

Studentane meiner at sjukehusa i Midt-Noreg tilset legar med utanlandsk utdanning som er mindre kvalifiserte søkjarar, for å auke sjansane for å behalde dei når dei er ferdig utdanna spesialistar. Arbeidslivsansvarleg Hanna Strømholt Bremnes i Norsk medisinstudentforening bekreftar at ho får rapportar frå studentar og legar som føler seg forbigått av søkjarar som har lokal tilknyting eller som kjenner nokon på sjukehuset.

Konstituert HR-direktør Ketil Hjelset i Helse Møre og Romsdal avviser at nokon av deira helseføretak bryt kvalifikasjonsprinsippet. Han påpeikar at før dei fekk bekymringsmeldinga vart det sett i gang ein prosess for å betre gjennomføringa av tilsettingar.

– Vi samarbeider med Yngre legars foreining for å sikre at dei rette prinsippa blir følgt, og at desse prinsippa blir synlege for dei som søkjer hos oss, seier Hjelset.

Les også: Farvel til falske medisinar