Færre landbruksbrannar i 2018
Hittil i 2018 har det berre vore seks brannar der dyreliv har gått tapt, trass i to husdyrbrannar den siste veka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Landbrukets brannvernkomité i ei pressemelding.
I 2014 blei el-kontroll med varmesøkjande kamera innført, og sidan da har om lag 10.000 bønder gjennomført denne kontrollen. Det året var det 30 husdyrbrannar, og talet har gått ned sidan.
Landbrukets brannvernkomité synest denne utviklinga er positiv, men meiner at seks brannar framleis er seks for mykje. Dei held fram med innsatsen mot landbruksbrannar.
El-kontroll med varmesøkjande kamera blir rekna som det mest effektive brannførebyggjande tiltaket, og no skal kontrollane også undersøkje bustadhus. Komiteen reknar med at det totalt er mellom 25.000 og 30.000 bønder som vil gjennomføre kontrollen.
I 2015 innførte forsikringsbransjen eit krav om at bøndene møtte ha kurs om branntryggleik, og 4.000 bønder har allereie deltatt. I fjor kom også Mattilsynet med eit krav om at brannalarm i husdyrbygg skal sende varsel til mobiltelefonar.
Verdiar for 305 millionar kroner gjekk tapt i den første halvdelen av 2018.
Les også: Startar storsatsing på psykisk helse blant unge bønder