Skodespelar Frank Kjosås kastar seg modig ut i alle utfordringar. No spelar 35-åringen ein 13 år gammal gut som er forkledd som jente.

NPK-NTB-Trine Andersen
NPK-NTB-Trine Andersen

– Eg er nysgjerrig på alt og meiner at ein ved å prøve og feile finn ut kva ein vil. Og eg har ikkje prøvd alt enno, seier ein opplagt Kjosås.

NTB møter han på Det Norske Teatret berre nokre dagar før urpremieren på «Songfuglen» av Jan Roar Leikvoll, eit stykke om brutal frårøving av identitet. Kjosås spelar ungjenta Jakoba, som eigentleg er gut. Landet han veks opp i er eit totalitært kvinnesamfunn, der mennene er fordrivne for fleire generasjonar sidan.

– Får nokon snusen i at eg eigentleg er gut, blir eg mest sannsynleg drepen. Eller eg får valet mellom prostitusjon eller å bli sendt ut i skogen og leve som villmann, seier Kjosås.

LES OGSÅ: Fosse vil ta Odin tilbake frå høgreekstreme

Uredd og nysgjerrig
Regissør Peer Perez Øian var ikkje i tvil om kven som burde spele Jakoba. Han og Kjosås har jobba saman fleire gonger før, kjenner kvarandre godt og er sparringpartnarar i prøveperioden.

– Frank er så uredd og nysgjerrig, og han har ingen avgrensingar. Det gjer at han er ein veldig interessant og takknemleg skodespelar å jobbe med, seier Øian, som er husregissør på Det Norske Teatret.

Han har lenge hatt lyst til å lage drama av ei av bøkene til Jan Roar Leikvoll.

– Han var ei unik nynorskstemme som eg synest vi burde ta tak i, seier Øian.

Leikvoll debuterte med den kritikarroste romanen «Eit vintereventyr» i 2008, og rakk å gi ut tre bøker til før han døydde i 2014, berre 40 år gammal.

– Leikvoll brukar sterke poetiske bilete som eignar seg godt til å utforske både scenisk og visuelt. Vi vidareutviklar kjernen i Leikvolls roman, men tar oss mange fridomar for at dette skal stå fram skarpt også i vår kunstform. Mitt håp er at dei som kjem og ser framsyninga, enten dei har lese boka eller ikkje, føler at dei får ein historie som står på eigne bein, seier Peer Perez Øian.

LES OGSÅ: Fire Hedda-prisar til Det norske teatret

Kastratsong
Musikk er ein viktig del i «Songfuglen». Jakoba har vunne ein stor songkonkurranse og blitt tatt opp som elev hos ein respektert songlærar. Der møter han Tikka, som han forelskar seg i. Dei to innleier eit forhold, som kan koste Jakoba livet.

– Musikken er eit viktig element i Jakobas kamp for eigen identitet. Den blir skildra så vakkert i boka at ein får lyst til å høyre den, seier regissøren.

Sandra Kolstad vart derfor engasjert til å lage musikk til framsyninga.

– Eg kjende straks ei dragning mot dette stoffet, det mørke og det dystre, fortel Kolstad til Det Norske Teatrets repertoarmagasin.

Ho seier at ho har prøvd å høyre for seg og tolke musikken Leikvoll har skildra.

Frank Kjosås har spelt store roller i ei rad musikalar dei siste åra.

– Han har ei enorm stemme, seier Kolstad.

I «Songfuglen» står han framfor nye utfordringar, også musikalsk. Det er mykje kastratsong. Kjosås må med andre ord syngje veldig lyst, som ein gutesopran.

– Då Sandra spurde kva for eit leie eg likar å jobbe i, svarte eg arrogant nok: Uansett kva du skriv skal eg syngje det. Og det har vore ei stor utfordring, men eg har kost meg med stemmeforskingsarbeidet. Før sommaren var eg litt uroleg, men no klarar eg å bruke muskulaturen og pusten på rett måte. Eg trur vi har klart å finne eit breitt og godt uttrykk som gjer at klangen kjem godt fram, seier Kjosås.

«Songfuglen» er dramatisert av Demian Vitanza og blir spelt på Scene 2 på Det Norske Teatret. (©NPK)

LES OGSÅ: Marie Blokhus: – Fuckings bullshit at ein ikkje treng andre enn seg sjølv

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE