Går Spitsbergen på langs

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går kveld var alt klappa og klart. Alle bensindunkar  fylt, alle sledane pakka, eit hundebur blei innkjøpt i siste liten, og alle dei små tinga dei har utsett til siste liten er gjort.

– Vêrmeldinga frå vår kjære meteorologkonsulent i flytårnet er endeleg køyrbar og vi dreg 12 i morgon, skreiv Marte Agneberg Dahl på bloggen deira i går kveld.

Ho dreg saman med Turid Haugen (31), Anne Marthe Kvale (25) og Torunn Slettemark Hovden (23).

Klokka tolv i dag, torsdag, reiste dei frå Longyearbyen til Verlegenhuken der første etappe av turen startar. Fem veker seinare er dei venta tilbake.

LES OGSÅ: Ledig stilling som isbjørnvakt

Korleis har de førebudd dykk?

– Vi bur til vanleg på ulike plassar – to i Longyearbyen, éi på Rauland og éi i Sogndal, så mest all planlegging har vore på Skype og Facebook. Vi hadde éi helg i Trondheim før jul med planlegging, der vi mellom anna snakka om kva mål vi har for turen og gjorde risikoanalyse med alle tenkjelege situasjonar som kan oppstå. Sidan november har det vore kontinuerlig planlegging med diskusjonar om utstyr, mattørking og trening, så no skal det verte bra å endeleg kome ut i felten! seier Torunn Slettemark Hovden.

Sundag var dei på skytebana og vart kjende med riflene og signalpistolane, og måndag trena dei på breredning.

Frå øvinga på breredning.

LES OGSÅ: Hyllar Svalbard med film

Kor mykje har de med dykk?

– Det er vanskeleg å seie no før pulkane er ferdig pakka. Men berre middagane veg over 30 kg, hundane har 68 kg mat. Elles har vi jo telt, snublebluss, våpen, breutstyr, klede, 48 L bensin og alt det ein må ha på vintertur i fjellet – så det vert meir enn nok å pakke i pulken! Vi skal ha tre depot undervegs.

Kva blir den største utfordringa på turen, trur de?

– Dæ gjenstår jaddi å sjå! seier Marte Agneberg Dahl på klingande skjåkdialekt.

Dårleg vêr trur dei er ein god kandidat; whiteout, mildvêr, mykje vind og fokk. Streng kulde pluss vind er òg ei utfordring; på Åsgardfonna i nord kan det verte veldig kaldt. Vêret er det som er mest uforutsigbart på tur.

LES OGSÅ: Fleire isbjørnar på Svalbard

Det er nesten 1000 isbjørnar på Svalbard. Korleis er de førebudd på å møte isbjørn?
– Marte, Turid, og eg har grundig opplæring i bjørnerutinar frå tryggleikskurs og studie på UNIS (Universitetssenteret på Svalbard), seier Torunn Slettemark Hovden.

– Det viktigaste er jo å unngå møte med bjørn i det heile – ruta er lagt slik at vi berre er nær kysten i nord, sør og når vi må krysse Van Mijenfjorden ved Svea; elles er vi stort sett trygt inne på store brear. Og dersom vi ser ein bjørn er vi klare på kva prosedyra er. Vi er gjestar i bjørnens rike. Vi har med snublebluss til teltleir, to hundar til å varsle bjørn, to signalpistolar og to riflar.

Marte har trent på å gå med pulk. Her med ved som ballast.

Kva gler de dykk til?

– Å sjå korleis fjella ser ut og korleis landskapet endrar seg undervegs. Kome vekk frå tv og mas og sosiale media. Finne roen og berre vere på tur med faste, enkle rutinar og skravle heile dagen. Og det vert deilig å sleppe meir planlegging. Vi gler oss også til å teste utstyr og å få ekspedisjonserfaring.

LES OGSÅ: Kraftig klimaeffekt på Svalbard

Korleis kom de på ideen om å gå Svalbard på langs?

– I friluftsmiljøet er langturar og ekspedisjonar samtaleemne som går att, så det å kome på ideen med Spitsbergen på langs er ikkje så veldig spesielt. Hjå oss var det Marte og Turid som fyrst prata om at det ville vore kult å faktisk gjennomføre denne turen, eg kom med då ein Grønlandsplan gjekk i vasken, og Anne Marthe har lenge drøymt om Svalbard og var ikkje vond å be då vi ville ha med ein fjerde person. For Marte, Turid og meg er det ekstra stas med ein langtur på Svalbard sidan vi alle bur/har budd her oppe og har eit ekstra spesielt forhold til naturen og samfunnet her.

Kva skal de ete på turen?

– Ulike variasjonar over havregraut til frukost, Real turmat og forskjellige heimebaka kaloribombar til føremiddagsmat og tørka kjøtt, fisk og grønsakar + ris/potetstappe/pasta til middag. Pluss mengder med potetgull, sjokolade, nøtter, tørka frukt og bær (bildet) til å momle på så ofte vi kan.

LES OGSÅ: Ekspedisjonsboom på Svalbard

– Kva er vanleg på temperatur på denne årstida?

– Det varierer veldig frå stad til stad. På Åsgardfonna, som ligg 1000 moh, kan det verte så kaldt som minus 40 gradar om vi er uheldige. Men ved kysten er det varmare, og det er typisk store og raske temperatursvingingar på Svalbard. Det kan godt hende vi får pluss 5 gradar og regn òg. Men stort sett reknar vi med mellom 5 og 25 minus.

Ekspedisjonen får vêrmelding frå ein meteorolog på flyplassen kvar dag på satellitttelefonen.

Blir bloggen oppdatert undervegs på turen, trur de?

– Ja. Bloggen vert oppdatert med tekst når vi sender inn melding på satellittelefonen til kontaktpersonen vår i Longyearbyen. Etter turen oppdaterer vi sjølvsagt bloggen med bilete og tekst og alt som er.

LES OGSÅ: Ny varmerekord for Svalbard

 

Kvelden før dagen!!!!!!!!!!! Sledene er pakka ferdig!!

Posted by Svalis på langs on 30. mars 2016

Faktaboks

Svalis på langs
Bloggen «Svalis på langs»
skildrar førebuingane til ekspedisjonen Svalbard på langs, og vil oppdatera lesarane på korleis det går på turen. Facebooksida deira vil òg koma med oppdateringar.

Ekspedisjonsdeltakarane
Marte Agneberg Dahl frå Skjåk. Jobbar som guide på Svalbard. Utdanna sjukepleiar, men tok Arktis naturguide-studiet på UNIS i fjor.

Turid Haugen (31) frå Fåvang i Gudbrandsdalen. Skriv master i Svalbard-geologi på NTNU/UNIS

Anne Marthe Kvale (25) kjem opprinneleg frå Hokksund og jobbar som sosialarbeidar i MOT i Sogndal.

Torunn Slettemark Hovden (23) frå Asker, studerer folkemusikk på Rauland i Telemark, men er eigentleg biolog frå Bergen/UNIS og skal halde fram med master i biologi frå hausten av.