Ny Emmy-pris til Deeyah Khan – for filmen der ho møtte fienden
Deeyah Khan vann sin andre Emmy-pris for den sterke filmen «White Right: Meeting The Enemy», som ho filma under opptøyane i Charlottesville. No haglar gratulasjonane inn.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Gratulerer frå Fritt Ord og meg sjølv. Velfortent for ein sterk og viktig dokumentar, skriv Knut Olav Åmås, direktør i Fritt Ord som nyleg hadde Khan til stades i Oslo på ei spesialvisning av den ferskaste dokumentaren hennar.

Deeyah Khan stråler etter å ha vunnet sin andre internasjonale Emmy-pris for dokumentaren “White Right: Meeting The Enemy”. Foto: Fuuse Films / Twitter
Deeyah Khan vann den internasjonale Emmy-prisen for nyheiter og aktualitetar for ein grundig reportasje der ho møter amerikanske nynazistar og kvite nasjonalistar ansikt til ansikt – blant anna under den skjebnesvangre demonstrasjonen i Charlottesville i 2017, der ein antirasistisk aktivist vart drepen.
Ho fortalde i fjor til The Guardian at ho også vart med nynazistane til ein «etterfest» i eit hus oppe i fjella, der vertskapet trekte fram våpen.
– Dei var gira etter slåstinga. Eg såg meg rundt og tenkte «eg kjem ikkje ut herifrå i live».
Les også: Vann pris for film om framankrigarar
Heider for uavgrensa nyheitsrapportering
«White Right: Meeting The Enemy» er Deeyah Khans fjerde dokumentar, og har til liks med forgjengarane vunne ei rad prisar. No kan den også skilte med ein tilsvarande Emmy-pris som Khans debutfilm «Banaz: An Honour Killing» vann i 2014.
Då prisane vart delte ut i New York, sa Bruce Paisner, president for International Academy of Television Arts & Sciences:
– Vinterprogrammet i kveld illustrerer på ny kor viktig og nødvendig fri og uavgrensa nyheitsrapportering er.
Les også: Jenteprisen til Deeyah Khan
Sjå trailer for filmen her: