KrFU utan bunde mandat på landsmøtet

Når KrFUs delegatar reiser til det ekstraordinære landsmøtet i moderpartiet, står dei i praksis fritt til å stemme etter eiga overtyding.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre for nokre veker sidan vedtok KrFUs landsmøte at KrF «slik situasjonen er nå, vil få best gjennomslag i regjering med Høyre, Venstre og Frp».

Mange har difor rekna med at ungdomsdelegatane ville vere bundne til å stemme i samsvar med dette når KrF held landsmøte 2. november.

I ein e-post Vårt Land har fått tilgang til kjem det derimot fram at kandidatane i praksis vil vere fristilt, slik delar av KrFUs landsstyre og sentralstyre har ønskt.

Les også: KrfU vil halda på sidemålskarakteren

Delte meiningar i ungdomspartiet

– Eg kjem til å stemme for Knut Arild Hareides forslag om å søke regjeringsmakt med Sp og Ap, bekreftar 1. nestleiar i KrFU, Nikolai Berglund Skogan, overfor avisa.

Berre landsmøtet kan komme med eit bindande mandat, og det skjedde ikkje på møtet i september. Skogan meiner difor at delegatane til ungdomspartiet er fristilte. Ein av dei som likevel kjem til å følgje det landsmøtet bestemte i september, er KrFU-leiar Martine Tønnessen.

– Eg opplever vedtaket frå landsmøtet vårt som forpliktande og kjem til å stemme i tråd med det, seier ho.

KrFU hadde tolv av 180 delegatar på KrFs landsmøte i fjor.

Les også: KrfU stemte mot sjølvbestemt abort