Høyr kva ungdomspartia synest om forslaget til statsbudsjett
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framtida.no har spurt ungdomspartia kva dei synest om forslaget til neste års statsbudsjett – kva er den viktigaste posten, og kva er den største svakheiten?
Sjå kva dei svara her:
Fremskrittspartiets Ungdom
– Vi er glade for fleire og betre lærarar, seier 1. nestformann i FpU, Andreas Brännström.
https://youtu.be/bPeM-Cw65sY
Grøn Ungdom
– Regjeringa presterer å leggje fram eit forslag der ein ikkje ein gong skal diskutere å auke bilavgiftene. Der er mange fine små grøne tiltak, men det monner ikkje, seier talsmann Ola Eian.
https://www.youtube.com/watch?v=7UoE9fzXBRc&feature=youtu.be
Senterungdomen
– Den desidert viktigaste posten i årets statsbudsjett er utan tvil kor mykje pengar kommunane får, seier leiar Ada Johanna Arnstad. Ho meiner regjeringa der skuffar stort.
https://www.youtube.com/watch?v=z50rceWDVA8&feature=youtu.be
Unge Høgre
– Det beste med statsbudsjettet 2019 er at alle fylkene sikrast eit mobbeombod, seier nestleiar Ola Svenneby. Men han synest også at regjeringa nok kunne spart litt meir pengar til framtidige generasjonar.
https://www.youtube.com/watch?v=Ahd6HNyANzs&feature=youtu.be
Kristeleg Folkepartis Ungdom
– Eg trur det er eit godt budsjett, men det treng eit KrF-stempel, seier Martine Tønnessen.
https://www.youtube.com/watch?v=ifanKHpoMAg&feature=youtu.be
Framtida.no har også teke kontakt med Sosialistisk Ungdom, Raud Ungdom, Unge Venstre og Arbeidernes Ungdomsfylking men dei har førebels ikkje sendt inn sine bidrag.