Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 20.10.2018 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart einaste år fører ulike alvorlege datalekkasjar til at informasjon om fleire hundre millionar kjem i feil hender. I slutten av september måtte Facebook vedkjenna at uvedkommande potensielt hadde fått tilgang på data om 90 millionar brukarar.

Ei anna datalekkasje i mai eksponerte milliardar av datapunkt (eit datapunkt er éi Excel-celle). Drøssevis av slike lekkasjar kvart år har ført til at talet på eksponerte e-postkontoar nå ligg på over 5,5 milliardar.

Det er den australske tryggleikseksperten Troy Hunt som held oversikten. Han legg det heile ut på nettsida si haveibeenpwned.com.

Her kan ein ikkje minst skriva inn namnet på e-postkontoane sine, og sjå om ein finn dei att i databasen over kompromitterte kontoar.

Fare for identitetstjuveri

Finn du kontoen din i databasen, betyr det potensielt at din personlege informasjon flyt rundt på internett. I verste fall kan hackarar eller identitetstjuvar få tak i dataa. Det kan gjera livet ditt surt.

Heldigvis er det eit par ting du kan gjera for å hindra at det skjer.

Facebook har mista dataa til brukarane sine ei rekke gonger. Illustrasjon: Colourbox

Viss kontoen din er eksponert, vil selskapet som er blitt råka ofte setta opp ein dedikert nettstad.

Her kan du kryssjekka om du faktisk er blant dei råka, eller om du har sloppe unna.

På Haveibeenpwned.com finn du dessutan ut kva informasjon som potensielt er gått tapt. Det inkluderer kva for passord du bør bytta.

Aldri gjenbruk passord

Ikkje minst bør du sjå til at du ikkje nyttar det eksponerte passordet på andre nettstader enn den som er råka.

Tryggleiksekspertar understreker spesielt at ein aldri bør bruka same passord om att.

Aller helst bør ein nytte seg av tenester som 1password, Lastnote og Dashlane. Desse held styr på alle innloggingane dine. Slik blir det muleg å setta opp mykje lengre og meir kompliserte passord.

Dessutan bør ein alltid aktivere to-faktor-autentisering der det er tilgjengeleg.