Lite er meir øydeleggande for produktiviteten enn Facebook. Først og fremst nyhendestraumen er vanskeleg å unnsleppa når ein først er i gang.
Skrollinga synest aldri å ta slutt. Kjem ein nokon gong til endes?
Mest sannsynleg ikkje. Undersøkingar viser dessutan at Facebook svekker sexlysta, gir søvnproblem, og kan føra til depresjon.

Då er det greit å vita at det finst råd. Eit Chrome-tillegg lar deg fjerna styggedommen for godt. Inn kjem eit inspirerande sitat.
Eventuelt kan du gjera som Framtida.no, og legga til ditt eige favorittsitat.
Produktivitetsvekst på trappene
For å nytta funksjonen må du ganske enkelt opna nettlesaren Chrome, søka deg fram til «News Feed Eraticator for Facebook», og installera denne. I Firefox heiter tillegget «Disable Facebook News Feed» og gjer nettopp det. Verken meir eller mindre.
Logg inn eller oppdatér Facebook, og vips! Nyhendestraumen er vekke for godt.
Kor stor produktivitetsvekst dette vil føra med seg har ikkje Framtida.no gått særleg djupt inn i, men reine spekulasjonar viser høge tal. Samfunnsøkonomar over heile landet bør fryda seg.
- Les også: Lei av at Zuckerberg tener seg søkkrik på dine persondata? Her er alternativa til Facebook.