Må ein informere om etnisk bakgrunn i lovbrot?
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I nokre år no har eg gått rundt å irritert meg over noko. I Norge, slik som i andre land, skjer det lovbrot. Når det først skjer, blir det ofte dokumentert av dei forskjellige media i området.
Om lovbrotet er stort nok, slenger dei nasjonale media seg på. Dei opplyser til dømes om kva som har skjedd, når det skjedde og ofte etnisk opphav. Sistnemnde irriterer meg.
Kvifor er det relevant å vite kva etnisk opphav vedkommande har?
Typisk i lokalavis?
Første gongen eg blei oppmerksam på dette var i ei lokalavis frå området der eg er i frå. Ein mann hadde tatt seg inn i ei leilegheit. Eg hugsar ikkje i detalj kva det var mannen hadde forsøkt å gjere vidare, men det eg hugsar er at mannen blei skildra med innvandrarbakgrunn. Som om dette var viktig å få fram. Eg reagerte ikkje så mykje den gongen då eg tenkte at dette kan vere eit eingongstilfelle og noko som er typisk for lokalavis.
Men dette stemte ikkje.
I fleire av dei store norske avisene også blir det skrive om lovbrot der etnisk bakgrunn blir dratt fram, gong på gong. Dette meiner eg er veldig synd for det norske samfunn. Det er mogleg at det er ein grunn til at det blir skrive, men eg klarer ikkje sjå den. Det einaste eg ser at det gjer, er at det skaper eit meir polarisert samfunn.
Les også: «Kva har vi her – ein gorilla?»
Bensin på bålet
Som i mange andre europeiske land, har vi menneske som opplever innvandring problematisk. Nokre er litt skeptiske medan andre er rett fram framandfiendtlege. Når då lokalavisa absolutt skal ha med etnisk bakgrunn dei gongane ein innvandrar har gjort eit lovbrot, fungerer dette som bensin på bålet for dei skeptiske. Og dette er veldig synd.
I mine auge hindrar det god integrering av dei som vi tek til oss her i Norge
I mine auge hindrar det god integrering av dei som vi tek til oss her i Norge. Spesielt råkar det i dei små lokalsamfunna, der det også er vanskelegast å bli integrert. Når det først skjer eit lovbrot i eit lite samfunn, vil dette bli snakka om. Når det i tillegg står at det er ein innvandrar som har gjort det, så vil det bli snakka endå meir om.
Skepsisen vil gro, innvandrarane føler seg mindre velkomen og samfunnet blir mindre hyggeleg å vere i.
Les også: «Ein etnisk norsk vil kanskje svara at vi ikkje har rasisme i Noreg»
Skapar eit skilje mellom vi og dei
Eg meiner også at dette kan ha ein negativ effekt der vi fører innvandrarar inn i kriminalitet. Som eit resultat av at skepsisen gror, vil fleire vende ryggen til. Deretter kan kriminelle miljø stå med opne armar og ta dei utstøtte i mot. Alle ønsker å høyre til ein stad. Og når det norske miljø ikkje vil sleppe inn nokon, så er det fullt forståeleg at ein søker til andre miljø.
Som eit resultat av at skepsisen gror vil fleire vende ryggen til
I tillegg tykkjer eg at det enkelt og greitt at det ikkje er naudsynt å presisere bakgrunn i det store og det heile. Det einaste det gjer er å skape polarisering. Berre ved å heilt enkelt presisere etnisk bakgrunn skaper du eit skilje mellom vi og dei. Det fører sjeldan noko godt med å skape dette skiljet.
Om du som les denne artikkelen er journalist, så vil eg be deg om å tenke deg om ein ekstra gong før du går i gong med å beskrive den etniske bakgrunnen til den sikta i eit lovbrot.
Det kan ha ganske negative konsekvensar.
Les også: – Eg er litt redd for å rope rasisme