Desse tv-seriejentene må du sjå!
Synest du det er for lenge å vente ei veke på kvar episode av den nye Girls-sesongen? Her er fleire kaotiske kvinner du kan kose deg med å straume.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse jentene må du sjå
Dei to første episodane av den sjette og avsluttande sesongen av Girls er allereie ute på HBO Nordic. Hannah (Lena Dunham) og kompani er attende med minst like mange problem og like lite sjølvinnsikt.
Me har plukka ut seks fantastiske seriar du kan kosa deg med medan du ventar på at Hannah, Marnie, Shosh og Jessa skal bli vaksne.
Nenne (Gine Cornelia Pedersen), Elise (Siri Seljeseth) og Alex (Alexandra Gjerpen) har alle sitt å stri med i sesong to av «Unge lovende». Foto: NRK
Unge lovende – Sesong 1 og 2 på NRK
Om du ikkje har gjort det enda MÅ du sjå sesong to av NRK-serien Unge lovende. Serieskapar og hovudrolleinnehavar Siri Seljeseth sakna ein norsk tv-serie ho kunne identifisere seg med og tok saka i eigne hender. Unge lovende vert ofte samanlikna med amerikanske Girls, men dei norske karakterane er mindre karikerte og meir påkledde.
Sesong 2 gjekk ned på høgkant, og for alle oss frå bygda er episoden der Alex (Alexandra Gjerpen) og kjærasten reiser tilbake til Sandnes, eit høgdepunkt. Manuset til sesong 3 er allereie ferdig, så det er berre å glede seg!
Heldigvis får me snart sjå meir til Piper Chapman (Taylor Schilling) og hennar medfangar.
Orange is the New Black – Sesong 1 – 4 på Netflix
I fjor annonserte Netflix at Orange is the New Black får både sesong 5, 6 og 7. Tidlegare denne månaden kom første teaseren til den femte sesongen. 9. juni 2017 er vert det endeleg sesongstart.
Den nyskapande fengselsserien byr på nære portrett av eit breitt spekter ulike kvinner, utan å putte dei i båsar – anna enn når dei skal leggje seg for kvelden.
Selina for president! Kos deg med dei fem første sesongane av «Veep», medan du ventar på ein ny sesong i april. Foto: HBO
Veep – Sesong 1-5 på HBO
Når alt går på trynet i Det kvite hus kan du kose deg med visepresident Selina Meyer, som i alle fall tryner med stil. Julia Louis-Dreyfus er best kjent som Elaine i Seinfeld og ber serien trygt på sine skuldrer. Det er verre med hennar politiske ansvar.
Serien harselerer med amerikansk politikk og korleis det er å vere kvinne i ei mannsdominert verd. Me gler oss til sesong 6, som etter planen kjem på HBO i april.
Issa Rae i rolla som Issa Dee er ei av mange serieskaparar som lagar realistisk kvardagshumor.
Insecure – Sesong 1 på HBO
Serieskapar Issa Rae (eigentleg Jo-Issa Rae Diop) vart oppdaga gjennom den morosame YouTube-serien sin, The Misadventures of AWKWARD Black Girl. I HBO-serien Insecure speler 32-åringen Issa Dee, ei ung, afroamerikansk kvinne i slutten av tjueåra, som strevar med å finna ut av livet.
På solsida i California tek ho både kvardagsrasisme og millenials på kornet og det er umogleg å ikkje bli glad i Issa når ho rappar til seg sjølv i spegelen. Kos deg med heile sesong 1 og gled deg til sesong 2!
Sam Fox (Pamela Adlon) er ei skild trebarnsmor med ironisk humor og ein haltande skodespelarkarriere.
Better Things – Sesong 1 på HBO
Pamela Adlon har fått med seg komikar Louis C.K på denne feelgood-komedien, som skriv seg inn i tradisjonen etter seriar som Seinfeld og Louie. I sistnemnde spelte ho Pamela, dama til Louie, i ein serie om kvardagskampen til ein komikar og skild småbarnsfar.
I Better Things speler Adlon Sam Fox, ei fråskild mor til tre jenter og avdanka sexsymbol, som går på audition etter audition. Òg her kan du glede deg til sesong 2, som allereie er stadfesta at kjem.
Jessica Jones (Krysten Ritter) er den perfekte antihelt. Foto: Netflix
Jessica Jones – Sesong 1 på Netflix
Marvel-heltinna Jessica Jones har superkrefter, men jobbar som privatdetektiv der dei fleste oppdraga består i å avsløra utro ektemenn. Ho er sterk, sarkastisk og kynisk, men samtidig skjør.
Krysten Ritter er perfekt i rolla som alkoholisert antihelt i ein stilig serie, med tydeleg film noir- og teikneserie-estetikk. Sesong 2 er stadfesta og kjem etter planen ut i 2018.