Heile 75 prosent av britane under 24 år stemte for å halda seg i unionen, ifølgje Yougov.

Også veljarane i alderen 25-49 år stemte for å vera i EU – 56 prosent av desse svara «Remain» på spørsmålet om Storbritannia skulle melda seg ut av EU eller vera igjen.

Fredag morgon kom resultatet som skapte sjokkbølger over heile verda – etter ei folkeavstemming er det klart at Storbritannia melder seg ut av EU.

Britiske Ben Scivyer (28) måtte ty til tårene då resultata kom inn: – No veit ingen kva som skjer

Politico skriv om aldersfordelinga, som kanskje ikkje er så overraskande. Yougov står bak undersøkinga, og formar resultata slik: Kva stemte folk, og kor mange år må dei i gjennomsnitt leva med avgjersla si. Resultata har blitt spreidd hyppig på Twitter i dag:

 

Den geografiske spreiinga av resultata er også tydelege – alle distrikta i Skottland ville halda seg i EU, medan storparten av distrikta i England stemte for å melda seg ut. I Wales var det også eit fleirtal for «Brexit», medan Nord-Irland var einige med skottane om at det var best å halda seg i unionen.

Etter resultatet har også førsteministeren i Skottland, Nicola Sturgeon, gått ut og varsla at ei ny folkerøysting om skotsk uavhengigheit kan vera på veg.

– Det er veldig truleg at me kjem til å halda ei folkeavstemming om uavhengigheit, sa Sturgeon på ei pressekonferanse fredag, skriv VG.

Kvifor vil Skottland eigentleg melda seg ut av Storbritannia? Me prøvde å finna det ut før førre folkerøysting.

Britiske James K. Puchowski skreiv om temaet før «Brexit»-resultata kom – om kvifor Skottland vil ut av Storbritannia, men inn i EU.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE