Jon Olav Sandal
Publisert
Oppdatert 20.12.2018 14:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vekas musikktips: Vakker ny låt, Beatles og Beyoncé

Vekas nykommar

Masåva – «Jorda rundt»

Vekas nye låt er ei av dei vakraste låtane eg har høyrt på ei stund. Når eg høyrer denne låta har eg aller mest lyst til å sette meg på toget mellom strekninga Voss-Geilo og betrakte landskapet til desse vakre tonane. Og det bør helst vere vinter.

Selma French Bolstad på vokal og fele, Martin Morland på bass, Øystein Aarnes Vik på trommer og
Martin Sternberg på piano utgjer gruppa Masåva. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Det er den andre singelen frå debutalbumet til Masåva som kjem 28. oktober. Eit album eg har for alvor begynt å glede meg til etter at låta «Jorda rundt» kom ut. Den nye singelen viser ei litt anna side av bandet enn den første singelen «Månen». Låta gir meg assosiasjonar til Frida Ånnevik & In The Country sitt samarbeid, men det er på ingen måte ein kopi.

Sjølv om låta sett meg i ei ganske lystig stemning er der også ein form for melankoli som eg kjenner at eg er veldig svak for. For meg verkar det som dette er ei kjærleikslåt der vedkommande har eit håp om at alt skal gå bra, men samstundes har innsett at realiteten er litt meir dyster enn den helst skulle vore.

Teksten i låta er også eit fint stykke lyrikk. I ein musikkbransje der kjærleiken ofte blir skildra med alt for store og litt for generelle ord, er det fint at nokon skriv om det på ein litt enklare og konkretisert måte. Teksten er enkel, moden og utan pompøse filter. Herleg.

Prøv vår musikk-quiz: Kan du fullføre teksten?

Vekas gæmlis

Beatles – «Something»

Sidan eg er inne i kjærleikslåtane si verd med «Jorda Rundt» har eg lyst til å vere der litt og dreg fram ein av mine absolutte favorittar til vekas gæmlis. Beatles er bandet og låta er i frå plata Abbey Road, det nest siste albumet til supergruppa.

Dette er ein av dei finaste kjærleikslåtane eg veit om. Denne låta beveger seg mot det som eg tenker på som litt pompøst, men den held seg innanfor rimelige grenser etter min smak. Det musikalske er, likeins som det andre Beatles har gjort, i ei klasse for seg sjølv. Det er også noko med at ein veit at dei var først ute slik popmusikk. Det gjer heile greia litt meir kredibelt på eit vis.

Eg kjenner også igjen nokre likheitstrekk mellom «Something» og «Jorda rundt». Låta har ein generell lystig tone og drømmande stemning, men der er ein melankoli som eg gong på gong blir veldig svak for. Ei slags vissheit om at noko ikkje er heilt bra, men at der fortsatt er håp. Romantikk på sitt beste.

Les også historia om då The Beatles kom til apartheid-byen Jacksonville i USA!

Vekas slager

Beyoncé – «Halo»

Når eg begynte å skrive denne musikkspalta som skulle innebere spådomar om framtidas slagerar, så var det liten tvil om at Beyoncé kom til å bli nemnd. Derfor har eg tenkt at det er like greitt at eg skriv om ho tidleg i løypa, for ho kjem garantert til å bli nemnd igjen seinare. Det er vel ganske klart at ho kjem til å stå igjen som ein av dei aller største frå vår tid. Og trass i noko tvilsame hendingar med justeringar av strømmetal så er ho ein tvers gjennom fantastisk artist.

Låta «Halo» er kanskje ei av dei sterkast som «Bey» har i arsenalet sitt av låtar. Ei prima kjærleikslåt. Langt over grensa for kor pompøs eg føretrekker at ei låt er, men det gjer ingen verdens ting. Eg har fortsatt lyst til å gaule med for full hals.

Songen er skriven av Beyoncé sjølv i samarbeid med vokalisten, Ryan Tedder frå OneRepublic og Evan «Kidd» Bogart. Det musikalske arrangementet er ganske enkelt men det er veldig verknadsfullt og stort. Låta gir ein god følelse.

TEST DEG SJØLV: Kjenner du att desse Beyoncé-songane på nynorsk?

GRAVE-JOURNALISTIKK: Kva synest stortingsrepresentantane om Beyoncé?