The Beatles og apartheid i Jacksonville

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I august 1964 ankom The Beatles USA for andre gong, for å legge ut på turné. Tidlegare same år hadde dei nådd toppen av Billboardlista i USA, med albumet «I want to hold your hand».

Singelen hadde selt 1,5 millionar eksemplar på under tre veker, og med eit påfølgande amerikabesøk i februar, hadde Beatlemaniaen nådd Statane. Det er berekna at rundt 74 millionar amerikanarar såg The Beatles på TV-skjermane da dei besøkte det populære talkshowet The Ed Sullivan show.

Året før hadde dei toppa hitlistene heime i Storbritannia med sitt første album, «Please Please me». Albumet låg på førsteplass i 30 veker, og same år spelte dei 200 konsertar.

No var dei tilbake igjen, og skulle erobre Amerika.

«Eit fenomen heilt eineståande hittil i vårt århundre»

Radiovert Larry Kane skulle følge The Beatles rundt på den kommande turnéen. Dei neste vekene rapporterte han jamleg – frå flyet, frå hotellrommet, frå kor enn dei var. 

Etter femten konsertar beskreiv Kane opplevinga sånn: 

– Ein får nærmast frysningar, for ein ser eit fenomen som er heilt eineståande hittil i vårt hundreår. Og sannsynlegvis blir det ståande i historia som det største når det gjeld musikk og idoldyrking på fleire hundre år. Det fortel han i eit arkivklipp i dokumentarfilmen «Eight Days A Week – The Touring Years». 

Idoldyrkinga var utan sidestykke. Det var òg effekten bandet hadde på publikum når dei sto på scena.

Hylande og begeistra publikummarar var eit vanleg syn på konsertane. Og etterkvart som populariteten vaks, og arenaane vart større og større, hadde arrangørane store utfordringar med å halde kontroll på folkemassane med tusentals som kom for å sjå og høyre sine musikalske heltar.

Sjå video frå første gongen The Beatles besøkte USA, i februar 1964.

Sterkt raseskille

Som del av USA-turnèen, skulle gruppa spele på Gator Bowl-arenaen i Jacksonville i Sørstatane. Borgarrett-rørsla hadde kjempa for like rettar mellom svarte og kvite sidan 50-talet, og mykje var i endring. Same sommar vart det vedteke ei borgarrett-lov som forbaud diskriminering basert på «rase, farge, religion, kjønn eller nasjonalt opphav» ved tilsettingar og i det offentlege rom.

Likevel stod raseskillet sterkt, og mange innbyggarar fann det uaktuelt å la svarte og kvite opphalde seg på same stad. Same år var det opptøyer i Sørstatane. Den sommaren var tre borgarrettsforkjemparar i Sørstatane sakna, og vart sidan funne døde.

Borgarrett-røyrsla hadde vore aktiv sidan 50-talet. På 60-talet fekk dei mange gjennomslag. Her marsjerer kongressen av etnisk likskap i Washington DC i september 1963. Foto: Wikimedia Commons.

Dr. Kitty Oliver (69), var femten år den hausten turneen gjekk føre seg, og beskriv samfunnet ho vaks opp i: 

– Det var eit apartheid det sannsynlegvis er vanskeleg for mange å sjå for seg. Den einaste kvite personen eg kom i kontakt med, var ein seljar som kom innom området vårt. Eg var klar for noko nytt da eg høyrde at The Beatles skulle komme til byen, fortel ho i dokumentaren «Eight Days A Week – The Touring Years». 

Les også: Meir etnisk norsk enn kong Harald

Segregert arena

Da konserten i Jacksonville nærma seg, hadde turnéreporter Larry Kane fått nyss i at scena dei snart skulle spele på, Gator Bowl-arenaen, ville vere segregert mellom kvithuda og mørkhuda. The Beatles hadde aldri opplevd dette på turné i England, og radioverten tok det opp med gutane i eit intervju:

Larry: – Kva med kommentaren eg har høyrt om at det vil vere segregering på dei forskjellige konsertstadene?

Paul: – Vi likar ikkje segregering, det verkar som galskap for meg.

Larry Kane fortel i ettertid kor han da såg manageren deira, Brian Epstein stå i hjørnet og reagere med eit kroppsspråk som sa «Å, herregud». For mange amerikanarar var kommentaren frå dei unge britane kontroversiell.

The Beatles i Birmingham i 1963. Foto- Wikimedia Commons-CC BY-SA 2.0

The Beatles i Birmingham i 1963. Foto- Wikimedia Commons-CC BY-SA 2.0

– Kva tenker de om å spele i Jacksonville?

Kane forset i intervjuet:

– De skal spele i Jacksonville i Florida. Kva tenker de om det?

– (…) Det ville vere ein tullete ting å segregere folk. Det er jo berre dumt. Ein kan ikkje behandle menneske som dyr. 

Heile bandet var samstemde i at å spele på ei segregert scene var uaktuelt.

Samtida ville kanskje forstått kvifor manageren til gruppa stod og vrei seg i eit hjørne medan han høyrte bandet sitt uttale seg om apartheid på frittalande vis. Men det var ikkje kven som helst som protesterte.

Les også: Kontroversielle spørsmål i klasserommet

Måtte ta eit val

Ei konsertscene som aldri før hadde sleppt mørkhuda og kvite inn på same område, måtte ta eit val. Om ein var ein forkjempar for segregering, så var det ein ting som var verre enn ta ned gjerda og å la mørkhuda og kvithuda stå side om side på ein konsertarena for ein kveld. 

Og det var å ta konsekvensen av tusenvis av potensielt illsinte fans som ikkje fekk brukt den rosa billetten dei hadde investert fire eller fem dollar i, for å få sjå sine største heltar. 

Dr. Kitty Oliver møtte opp, og fortel om opplevinga av å for første gong stå side om side med folk med ein annan hudfarge:

For ei lita stund var skilnadene borte

– Det var min første konsert. Og eg gjekk åleine. Eg gispa litt da eg skulle finne plassen min. Der var det masse menneske rundt meg. Eg kan enno kjenne det, at alle desse kvite menneska var rundt meg, men eg reiste meg òg, og berre hylte med så høgt eg kunne, fortel ho til filmskaparane i «Eight Days A Week – The Touring Years».

– Det var mi første erfaring eg hadde med å vere rundt menneske som var annleis, og i det minste for ei lita stund var dei skilnadene borte, fortel ho. 

For første gong sto svarte og kvite side om side på Gator Bowl arena i Jacksonville, Florida. Ei ny tid var i emning.

Kjelder- «Eight Days A Week – The Touring Years», regissert av  Ron Howard. Tilleggskjelde: Wikipedia. Intervju med Larry Kane og Dr. Kitty Oliver er direkte sitert frå dokumentarfilmen.

Prøv framtida sin musikk-quiz: Kan du fullføre teksten?