Forskarar: Torsk kan førebyggje nyresvikt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane i Bergen har testa ut verknadene av torskeprotein på rotter, og resultata tyder på at inntak av torskeprotein kan førebyggje nyresvikt hos overvektige. Mange får problem med nyrene på grunn av fedme og overvekt.

Les også: Omega-3 fjernar ADHD-symptom hos rotter

Vil teste torskeprotein på menneske

Forskar Oddrun Gudbrandsen ved UiB seier til Fiskeribladet Tekfisk at effekten av torskeprotein var sterkare enn venta.

Resultata viser at det å ete torsk hindrar utviklinga av fedmerelaterte nyreproblem, seier Gudbrandsen.

Det er første gongen det er forska på effekten av torskeprotein på nyrefunksjonen.

– Ofte trur ein det er omega-3-feittet som har effekt, men det er ikkje mykje av det i torsken. Vi har sett liknande effekt med laksefilet, men da visste vi ikkje om det var feitt eller protein som førte til betre nyrefunksjon. No er det torskeprotein som har vore tilsett, og vi har vorte tryggare på at det ikkje berre er fiskefeittet som kan ha effekt, seier Gudbrandsen.

Forskarane ved UiB vil no teste ut torskeproteinet på menneske og håper å få i stand ein klinisk studie i nær framtid.

Les også: Ny studie: «Junk food» aukar risikoen for depresjon

Illustrasjonsbilete: Pixabay.com

Illustrasjonsbilete: Pixabay.com