Nesten ingen tenåringar røykjer
Delen daglege røykjarar i alderen 13–19 år har falle frå 11 prosent til 0,4 prosent på ti år, ifølgje førebelse tal frå Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) er Noregs største samling av helseopplysningar om ei befolkning, ifølgje P4. Undersøkinga viser utviklinga mellom 2007 og 2017.
– Tala tyder på at politikken med høgare pris og mindre tilgjenge og lovgjevinga som har gjort det forbode å røykje på offentlege stader, i stor grad har påverka normer og haldningar i befolkninga, seier forskingsleiar Steinar Krokstad til radiokanalen.
I same periode har delen daglegrøykjarar i heile befolkninga falle frå 22 prosent til 11 prosent, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.
– Då eg var ung, var det tøft og kult å røykje, men no trur eg røykjing rett og slett er ut, seier forskingsleiaren.
Les også: 95.000 kan unngå kreft om alle slutter å røyke