DNT trur på ny hyttetrend

Dei enkle, arkitektteikna dagsturhyttene i Sogn og Fjordane vekkjer oppsikt nasjonalt. DNT trur liknande hytter vil dukka opp over heile landet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Sogn og Fjordane har alle kommunane bygd ei såkalla dagsturhytte for å motivera folk til å koma seg meir på tur i nærmiljøet. Dei små hyttene på 15 kvadratmeter er alle arkitektteikna, men har ein enkel standard. Tanken er både at dei skal vera eit turmål der folk søkja ly, skifta ei trøye og eta nista si.

Kjem til å bli meir og meir vanleg

Kommunikasjonssjef i Den Norske Turistforening Mette Øinæs Habberstad seier til Sunnmørsposten at ho trur dagsturhytter og enkle overnattingstilbod kjem til å bli meir og meir vanleg i heile landet. Ho fortel til at dette også er noko DNT arbeider med og at fleire foreiningar allereie er i gang med å tilby enkle overnattingstilbod i samband med padling.

– Det kan til dømes vera å rusta opp gamle naust eller etablera enkle overnattingstilbod, seier Habberstad som trur slike tilbod vil dukka opp langs heile kysten.