– Kall ein spade for ein spade. Eit offer er eit offer, ikkje ein utsett
Då Kathrine Nedrejord (31) vart offer for ei overfallsvaldtekt reagerte ho med å fortelje det til så mange som mogleg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg skjønar jo at boka kan opplevast som litt vond å lese, men for meg var ho veldig god å skrive. Det var heilt nødvendig, seier forfattar Kathrine Nedrejord.
31-åringen er aktuell med romanen Forvandlinga, som ganske riktig er ein tittel inspirert av Franz Kafka sin klassikar frå 1915.
Romanen er basert på ei overfallsvaldtekt forfattaren sjølv vart offer for i Paris for eitt og eit halvt år sidan.
Les også: Thordis og valdtektsmannen hennar har skrive bok saman
Ei indre forvandling
«Hun har ikke mista følelsen i beina eller hendene, hun har mista følelsen i selvet, de nervetrådene som holder henne i kontakt med verden utafor, tyder, tolker og forstår den for henne.»
Slik skildrar Nedrejord kjenslene til den unge kvinna, som i romanen har fått namnet K.
– Eg merka ganske fort at hovudet ikkje fungerte slik eg var van med at det skulle gjere. Eg høyrde mykje betre og såg mykje betre og var litt som eit dyr då, seier Nedrejord.
Ho fortel at dette er ein slags forsvarsmekanisme frå naturens side der hjernen i møte med traume krympar inn og vert mest instinkt, slik at det først og fremst er sanseapparatet som fungerer.
I Kafka sin klassikar føregår forvandlinga utvendig når Gregor Samsa vert forvandla til eit kjempestort insekt. Hjå Nedrejord føregår forvandlinga innvendig, den vanlegvis så språksterke forfattaren klarte ikkje å formulere seg, klarte ikkje å snakka og skriva for å reflektere over det som hadde skjedd.
Les også: Då Jon Fosse las Kafka som ung, endra det synet hans på verda
Stillstand
Etter overgrepet reiste forfattaren heim til Noreg der ho hadde folk rundt seg. Til å byrje med kjempa ho imot, ville ikkje bli sjukemeldt eller «stoppe opp».
Alt eg gjorde var å sitja her heime og sjå på gamle sitcoms
Sjølv samanliknar ho stillstanden i tida som følgde med å ha «gått av med pensjon».
– Eg gjorde ingenting. Eg våga ikkje og kunne ikkje konsumere ny litteratur, film eller seriar, så alt eg gjorde var å sitja her heime og sjå på gamle sitcoms der eg visste at det ikkje var noko kynisk humor, der alt berre var rosenraudt og fint.
31-åringen gjekk til jamlege samtalar hjå valdtektsmottaket i Oslo. Der møtte ho sosionomar som forklarte kva det var kropp og hjerne gjekk igjennom, noko som var til stor hjelp for å forstå prosessen og ta den tida som trongst.
– Det som var sjokkerande for meg var å føla at eg mista meg sjølv fullstendig, fordi hovudet mitt ikkje fungerte. Eg var ein ny K, som eg skriv om i boka, eit splitta meg. Etter kvart som ting normaliserer seg så smeltar dei to saman igjen og eg finn tilbake til ein heil identitet, forklarar Nedrejord.
Les også: Film om sovevaldtekt sett over éin million gongar
Terapeutisk skriveprosess
Fire veker etter overfallet sette ho i gang med å skrive, utan å først ha ein klar tanke om at det skulle gjevast ut.
Det føltes ikkje eigentleg som eit val. Heile meg hadde behov for å skriva dette
– Eg gjorde det fordi eg hadde veldig mange spørsmål til meg sjølv. I sjokktilstand er det ikkje alltid ein handlar så veldig logisk. Det var også tilfellet for meg. Då hadde eg behov for å gå inn i situasjonen, sjå han litt utanfrå og prøve å forstå kvifor.
Slik vart skrivinga ein slags terapeutisk prosess og bearbeiding av det som hadde skjedd.
– Eg skreiv mykje som ikkje kom med, men det var godt å berre få det ut. Det føltes ikkje eigentleg som eit val. Heile meg hadde behov for å skriva dette.
Redaktøren var skeptisk til prosjektet så tett oppi hendingane, men vart overtydd etter å ha lese nokre kapittel. For Nedrejord sjølv har det vore viktig å skapa litteratur ut av hendingane.
– Det må ha ein verdi utover berre det å bekjenne, sjølv om eg skjønar at denne boka kan bety mykje for mange. Det er kanskje ikkje den litterære verdien som er den største, men gjenkjennelsesfaktoren.
Les også: Andrea Voldum fortalte valdtektshistorien iført kleda ho hadde på seg
Skuld og skam
– Sjølv om eg hadde skuldkjensle og skamma meg så trong eg å seie det tusen gongar. Ein periode sa eg det for mykje til for mange, men det var som om eg hadde fått denne nye identiteten, det var som å bli vant til eit nytt namn, forklarar Nedrejord.
For kvar gong ho fortalde historia vert det meir reelt, noko som kjentest viktig.
Ho er spesielt oppteken av korleis ansvaret for å førebyggje valdtekt ofte vert lagt på jentene sjølv, som gjerne får gjentekne formaningar om å passe på seg sjølv.
– Når du då plutseleg ikkje har klart å passe på deg sjølv godt nok, så kjenner ein skuld, forklarar Nedrejord.
Men med erkjenninga av det alvorlege brotsverket ho vart utsett for forsvann òg skuldkjensla.
Les også: Monika Kørra: – Må snakke valdtekta i hel
Å melde, eller å ikkje melde
31-åringen var først ikkje sikker på om ho ville melde overgrepet, på grunn av historier ho hadde høyrt frå både det norske og franske rettssystemet. Særleg i Frankrike har det vore tradisjon i overgrepssaker at òg offeret vert granska nøye og må gjennom ei psykiatrisk evaluering.
No vil ho gjerne vere ei motvekt til desse stemmene og oppmodar alle til å melde valdtekt, trass i kor belastande prosessen kan vere.
Ho meiner det er viktig både for å bli ein del av statistikken og ta tilbake ein viss kontroll.
– Sjølv om saka vert lagt vekk så gjer det at gjerningsmannen vert konfrontert med dine skuldingar. Om personen gjer det igjen vil det styrka saka neste gong. Først og fremst er det for at det skal få konsekvensar for dei som gjer det, at dei ikkje skal få fortsetje, understrekar ho.
Fordi ho vart offer for ei overfallsvaldtekt og ikkje ei relasjonsvaldtekt har ho opplevd å bli trudd gjennom heile prosessen. Rett før lanseringsfesten kom det også ei ny utvikling i saka, då politiet klarte å lokaliserte gjerningsmannen som dei allereie hadde identifisert ved hjelp av DNA-bevis.
Les også: Studentteater spelte ekte valdtektssak i rettssalen
Eit parallelt juridisk språk
I likskap med sitt litterære førebilete Kafka, er Nedrejord oppteken av å kritisera systemet som til tider kan opplevast hardt og umenneskeleg.
Me må ikkje vere redde for alvorlege ord
I prosessen har Nedrejord vorte kjent med det ho omtalar som eit slags «parallelt juridisk språk».
– Dei brukar liksom eit språk utanpå språket. Det er akkurat som om dei tek på seg språklege plasthanskar for å hanskast med alle moglege forferdelege hendingar. Det byrjar allereie med verba. Det heiter ikkje «truffet» det heiter «påtruffet», sukkar Nedrejord oppgitt.
Forfattaren tykte det til tider kunne vere godt med ein språkleg distanse til det som hadde skjedd, men at effekten av eit slikt språk er at det framandgjer handlingane.
Ho er òg av den oppfatninga at ein ikkje skal sminke ord som «valdtektsoffer» til å bli «valdtektsutsett».
– Det høyres ut som du er ekstra utsett for det, ikkje som om det har skjedd deg. I tillegg gjer det ikkje smerta mindre. Kanskje vert det litt mindre alvorleg å ta i for dei pårørande. Men me må ikkje vere redde for alvorlege ord. Dei er der fordi dei har den tyngda dei skal ha, seier Nedrejord, og legg til:
– I visse situasjonar så har du offerrolla, om nokon stel mobilen din er du offer for ei kriminell handling. Det betyr ikkje at du går rundt resten av livet ditt og er eit offer konstant. Eg har godtatt at i denne situasjonen så er eg eit offer, men at det ikkje gjer meg til eit offer for evig.
Les også: Line Rødseth: – Sjølv om ein er valdteken, så er ein ikkje svak
Kathrine Nedrejord (f. 1987)
- Norsk-samisk forfattar og dramatikar
- Utdanna litteraturvitar frå NTNU og har teke ein mastergrad i teaterstudier frå Sorbonne-universitetet i Paris
- Er til dagleg busett i Paris og oppvaksen i Kjøllefjord i Finnmark og på Nøtterøy i Vestfold
- Debuterte i 2010 med romanen Transitt
- Er denne hausten aktuell med romanen Forvandlinga på Oktober Forlag og ungdomsromanen Slepp meg på Aschehoug
- Har eit toårsengasjement som husdramatikar på Nationaltheatret
Kathrine Nedrejord (f 1987)
- Norsk-samisk forfattar og dramatikar
- Utdanna litteraturvitar frå NTNU og har teke ein mastergrad i teaterstudier frå Sorbonne-universitetet i Paris
- Er til dagleg busett i Paris og oppvaksen i Kjøllefjord i Finnmark og på Nøtterøy i Vestfold
- Debuterte i 2010 med romanen Transitt
- Er denne hausten aktuell med romanen Forvandlinga på Oktober Forlag og ungdomsromanen Slepp meg på Aschehoug
- Har eit toårsengasjement som husdramatikar på Nationaltheatret