– Må snakke valdtekta i hjel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det heile starta då friidrettstalentet Monika Kørra (27) fekk tilbod om idrettsstipend i USA. Som 20-åring flytta ho til Dallas, Texas, og alt gjekk på skinner: Som i ein perfekt boble, seier ho sjølv.

Ein kveld i desember gjekk Monika Kørra med venninna si på gata, då ho plutseleg blei dradd inn i ein svart bil – med pistol mot hovudet. Det som så hende blei eit mareritt som skulle forfølgje henne i lang tid. Tre menn i alderen 27, 27 og 29 valdtok Monika i lag og etter tur.  

Samtidig leita amerikansk politi leita etter den norske jenta både i lufta og på vegane. Dei fann henne neste morgon og tok henne raskt til sjukehus. Då var alle tinga henne stolne, deriblant mobilen.

– Eg hadde ikkje mange fysiske skader. Det var dei psykiske som gjorde vondt, og som kunne ha øydelagt meg. Kvar natt gjenopplevde eg valdtekta, fortel Monika om den tunge tida som følgde.  

LES OGSÅ: – Sjølv om eg er valdteken så er eg ikkje svak 

Vil bryte tabuet
I dag held ho foredrag over heile Noreg, og i USA. Ho har dessutan skrive bok basert på dagboka frå perioden – Bryt Stillheten. Målet er å snakke om valdtekt for å hjelpe andre ofre ut av tabuet og skamma.

– Heile 1 av 3 fortel ikkje om valdtekta til nokon. Etter kvar gong eg held foredrag, kjem det nokon bort til meg og fortel om kva dei har opplevd. Dette syner at valdtekt er eit kjempestort problem, til og med i lille Noreg.

– Du har sjølv kontakta skular for å snakke om valdtekt og kroppsleg autonomi. Og dei seier nei?

– Ja. Det seier noko om kor stort tabuet rundt valdtekt er, meiner Monika, som vil gi ei stemme til dei som ikkje tør å snakke høgt.  

LES OGSÅ: Rapport: Unge veit for lite om valdtekt 

Monika Kørra Foto: Elise Løvereide
Monika Kørra konkurrerer framleis i friidrett.  Eg trudde eg kunne springe frå det viss det skulle skje noko. Det kunne eg ikkje. Men friidretten hjelpte meg også ut av det vonde, fortel Monika Kørra (27). 

– Valdtekt lågt prioritert i Norge
Denne torsdagen i Bergen er det fleire som har møtt opp for å høyre Monika si historie. Ei kvinne spør om ho hadde stått fram offentleg dersom valdtekta hadde skjedd i Norge.

– Nei, det hadde eg ikkje. For i USA fekk desse mennene livstid i fengsel, og han siste, som hjelpte politiet i saka, fekk 25 år. I Norge hadde dei kanskje fått 4-5 år bak murane. Då hadde eg frykta at dei skulle finne meg etter soning. 

– Korleis reagerte du på Hemsedalsaka?

– Det er skremmande korleis valdtektsofre blir behandla, og kva slags haldningar folk med toppjobbar og topputdanning kan ha, seier ho.

Sjølv opplevde Monika det som om natt blei til dag når politiet tok valdtektsforbrytarane.

– Eg følte meg endeleg trygg, og at eg kunne gå ute på gata igjen.

– Trur du politiet hadde brukt like mykje ressursar på å finne valdtektsmennene her i landet?

– Nei. Dei spora opp han første gjennom den stolne mobilen min. Han hjelpte deretter politiet med å finne dei andre. I Norge er valdtektssaker dårleg prioritert og har låg status hjå politiet. Denne type saker har 180 dagars frist, men dei fleste sakene blir då lagt bort fordi bevisa innan fristen er borte.

Les intervju med Andrea Voldum, som har skapt enorm debatt med valdtektshistoria si. 

Klarte å tilgi ein av dei
I bilen hugsar Monika at det låg fleire par damesko. Kven som eigde dei, er framleis ei gåte. Den eldste mannen, han som Monika skildrar som «den verste», hadde forgripe seg på kvinner før, og vore inn og ut av fengsel dei siste 12 åra. Dei to andre hadde tomme rulleblad.

– I rettssakene ville han som var verst ikkje eingong sjå meg i auga. Dei to andre gav uttrykk for anger og at dei ikkje eigentleg hadde ønska å gjere dette. Særleg han siste. Han klarte eg å tilgi etter at eg møtte han i fengselet og fekk prate med han lenge, fortel Monika.  

Dei to andre svarte blankt nei på å møte henne.

Mannen som fekk 25 års fengsel, fortalde at han hamna i eit miljø der han mista kontrollen, og der han hadde enda opp død før eller sidan. Etter samtalen lova han å melde seg på alle kurs han kunne for å kome ut som eit betre menneske. Men for Monika handla det å tilgi meir om å kome seg vidare sjølv.

– Eg ønskte å ikkje la det som skjedde øydelegge livet mitt. Gradvis fekk eg livsgnisten tilbake ved å springe igjen, og ved å skrive ned dei vonde tankane, seier ho.  

LES OGSÅ: Éi av fire jenter har blitt seksuelt krenkte 

– Må jobbe med dei unge
Seks år seinare har ho eit godt liv attende i Norge. Men det å hjelpe andre valdtektsofre står framleis høgt på agendaen.

– Ein veit at halvparten av alle som opplever valdtekt i Norge er under 18 år. Dei unge er ei risikogruppe gjennom fest, alkohol, russetreff, gruppepress og dårleg sjølvtillit. Då må vi jobbe med haldningar og grensesetting.

Monika Kørra Foto: Elise Løvereide
Fleire møtte opp i Bergen for å høyre Monika Kørra fortelje si sterke historie.  Eg måtte gjere mitt for å unngå at dei valdtok igjen, seier Kørra.

Faktaboks

1 av 10 kvinner og 1 av 100 menn seier at dei har opplevd valdtekt i løpet av livet.

Ungdom mellom 15 og 24 år har størst risiko for å bli utsett for valdtekt.

Dei fleste kjenner overgriparen frå før.

Overgrep mot kvinner blir nesten utelukkande begått av menn, medan dei fleste overgrep mot menn også i hovudsak utførast av menn.

Har du blitt valdtatt, eller kjenner nokon som har blitt det, kan du ta kontakt med Dixi ressurssenteret for valdtekne. Telefon: 22 44 40 50/ SMS: 930 58 070

Kjelde: NKVTS-rapport 1/2014: Vold og voldtekt i Norge.