Thordis og valdtektsmannen hennar har skrive bok saman

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skreiv bok med valdtektsmannen

Den islandske journalisten og forfattaren Thordis Elva Thorvaldsdottir og australske Tom Stranger møttest i 1996, då han som 18-åring reiste på utveksling.

På eit skuleball vart Thorvaldsdottir så full at ho var delvis bevisstlaus og spydde. Vaktene ville ringja ein ambulanse, men kjærasten Tom meldte seg frivillig til å ta ho med heim.

I eit felles TED-føredrag fortel dei to om den skjebnesvangre natta då Stranger valdtok Thorvaldsdottir, og prosessen dei begge har vore igjennom sidan. Føredraget er vist over 1,7 millionar gongar.

I mars kjem boka deira South of Forgiveness.

Line vart valdteken: – Må få informasjon om kva valdtekt er

Thordis si historie
36 år gamle Thorvaldsdottir har brukt historia si til å engasjere seg mot seksuelle overgrep, og etterlyser at menn bidreg i denne kampen. At mannen som valdtok henne er blitt med på saka er difor ganske unikt.

Historia deira går no verda rundt og føredraget er blitt omtala i Daily Mail AustraliaThe IndependentIndia Times og The Independent.

Til ein fullsett sal fortel Thorvaldsdottir om korleis ho ikkje klarte å stritte imot og telte 7200 sekund medan ho vart valdteken av kjærasten i si eiga seng.

Trass i at ho halta i dagar og grein i vekevis tolka ikkje 16-åringen det som valdtekt, fordi det ikkje passa med skildringane frå tv.

– Eg var oppdregen i ei verd der ein sa at kvinner vert valdteken for ein grunn. Skjørtet var for kort, smilet for breitt, anden lukta av alkohol. Og eg var skuldig i alt dette, fortel ho i føredraget.


Australske Tom Stranger har teke ansvar for handlinga si og meiner det gjorde det lettare å bæra. Foto: TED

Tom si historie
Dagen etterpå tolka heller ikkje Tom Stranger det som hadde skjedd som valdtekt. Han reiste heim til Australia og dei neste ni åra rømte han frå det som hadde skjedd.

– Eg sa frå meg ansvaret ved å overbevisa meg sjølv om at det var sex, ikkje valdtekt, forklarar Stranger, som har tenkt mykje over valet han gjorde den kvelden.

Då Thorvaldsdottir var 25 år bestemte ho seg for å ta tak i det som hadde plaga ho og skreiv ein e-post til Stranger. Ho såg for seg negative tilbakemeldingar eller mangel på respons, men fekk i staden ei tilståing full av anger.

Etter åtte års korrespondanse møttest dei to andlet til andlet.

Stranger har konkuldert med at han er meir enn handlinga han gjorde og forklarar at det å ta ansvar flytta skulda frå offeret til han sjølv.

– Altfor ofte vert ansvaret lagt på kvinnelege overlevarar av seksuell vald og ikkje på mennene som utfører det, seier han i føredraget.


Journalist og forfattar Thordis Elva Thorvaldsdottir meiner det er på tide å slutta å snakka om seksuelle overgrep som utelukkande ei kvinnesak. Foto: TED

Vil snakka om menneska
Thorvaldsdottir skulle ynskje nokon hadde fortalt ho at overgepet ikkje var hennar feil. Hu skulle også ynskje at nokon fortalde ho at det går an å bli lykkeleg etter ei valdtekt.

No gjev den islandske forfattaren og journalisten ut boka ho trur at dei sjølv kunne hatt godt av å lesa som tenåringar. Forfattaren trur nemleg at omgrepa me bruker rundt seksuelle overgrep somme tider kan koma i vegen for saka.

– Når nokon blir sett på som offer er det lettare å avskrive dei som noko skada, vanæra eller mindreverdig. Det er på same måte når nokon er stempla som valdtektsforbrytar, og det er lettare å kalla han eit monster eller umenneskeleg, seier Thorvaldsdottir.

Ho meiner det er på tide å byrja å snakka om det menneskelege i handlingane. Sjå TED-føredraget her:

Les intervju med Monika Kørra: – Må snakke valdtekta i hel