«Hva vil folk si» norsk Oscar-kandidat

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den norske Oscar-komiteen vurderte tysdag dei tre kortlista kandidatane. Dei to andre kandidatane var «Utøya 22. juli» i regi av Erik Poppe og Tuva Novontnys «Blindsone».

Les Framtida.no sitt intervju med Iram Haq her

Andre Oscar-kandidaten frå Haq

Men det blir altså «Hva vil folk si» som blir norsk kandidat i konkurransen om Oscar for beste ikkje-engelskspråklege film. Filmen hadde verdspremiere på filmfestivalen i Toronto i september 2017, før norsk premiere 6. oktober, og har gått på kino i USA sidan midten av juli. Iram Haqs debutfilm, “Jeg er din», var norsk Oscar-kandidat i 2013.

«Hva folk vil si» handlar om norsk-pakistanske Nisha som lever eit dobbeltliv. Nisha er 16 år og balanserer mellom eit norsk ungdomsliv med venner og gutar ute, og eit meir tradisjonelt pakistansk familieliv heime.

Kva fem filmar som til slutt skal kjempe om den gjeve statuetten blir offentleggjort tysdag 22. januar neste år og sjølve Oscar-utdelinga går av stabelen søndag 24. februar 2019.

Les også: Ærespris til regissør Iram Haq