Vekas musikktips

Framtida
Publisert
Oppdatert 20.12.2018 14:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vekas nykomar

Company Ink – «Crew»

Favoritten i denne runden med ny musikk fall på den nye låta til det Trondheimsbaserte bandet Company Ink. Eit band eg høyrde for første gong på Slottsfjellfestivalen no i sumar og som eg blei begeistra for med ein gong.

Låta fenger i frå første sekund, og det er ein ypparleg haustlåt. Introen til «Crew» gir meg raskt assosiasjonar til det britiske bandet The Smiths. Det er noko med gitar-soundet og oppbygginga av låta som gjer at eg trur at dei som likar Company Ink vil også like The Smiths. Det skal også seiast at vokalen til Axel Olsen i Company Ink skil seg veldig i frå britiske Morrisey som var vokalist i The Smiths.

Ein veldig fin låt frå Trondheimsgjengen, som eg trur vil vere med å prege den norske musikkmarknaden i åra framover. Gler meg til å høyre fleire godbitar frå denne gjengen.

Låta høyrer du her:

 Les også: Frå full rigg på Øyafestivalen til akkustisk gitar i skogen

Vekas gæmlis

Bon Iver – «715 – CRΣΣKS»

Dette er ikkje så mykje ein «gæmlis» i den forstand at det er lenge sidan den har blitt gitt ut. Men denne låta er såpass fin at eg syns den fortener litt merksemd uansett.

Dette er nok den songen som går oftast gjennom hovudtelefonane mine for tida, og den er alt det eg meiner ei god pop-låt skal vere. Låten i seg sjølv er god og den tøyer grensene slik god kommersiell musikk burde gjere. I den grad ein kan kalle Bon Iver for kommersiell.

Det mest spesielle med låten er at dei bruker berre vokal som er prosessert gjennom eit instrument, som Justin Vernon (frontmann) og ein lydteknikar har laga.

Som vanleg er Justin Vernon ganske tilbakehalden i informasjon om dette instrumentet, men det har fått namnet «The Messina». For dei spesielt interesserte er dette truleg ei samansetting av auto-tune og ein slags vocoder.

Låta høyrer du her: 

Les også: Fangar heile verda frå Jæren

Vekas slager

Britney Spears – «Toxic»

I det siste halvåret har eg spurt meg sjølv om kva som kjem til å stå som musikkarven frå dei første 10-åra i 2000-talet. Kva blir altså 2050-talets «Let it be».

Dette har eg lyst å gjere eit forsøk på å spå. Og først ut er altså heile verdas Britney Spears, ei av dei større stjernene min generasjon har opplevd.

Toxic, utgitt mai 2004, er ein låt som eg heilt sidan vidaregåande har sett på som eit meisterverk. Eg blir rett og slett aldri lei av å høyre på den, noko som eg reknar som ein sjeldan kvalitet i musikken som blir laga på denne sida av 2000-talet.

Att på til er låta produsert av to svenskar med namna Christian Karlsson og Pontus Winnberg (kjent som gruppa Bloodshy & Avant). Eg trur altså definitivt at dette er ei låt som kjem til å stå seg som ein av dei verkeleg store låtane i frå tidleg 2000-talet.

Les også: Korles K-pop reddar verda