Skam-Ulrikke lagar podkast-serie
Ulrikke Falch skal gjennom ti episodar av podkast-serien «Ulrikkes univers» snakke med ulike gjestar om tema som opptar ho.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Podkasten er motivert av nysgjerrigheit og undring, med utgangspunkt i mine eigne erfaringar.
Det seier Ulrikke Falch i ei pressemelding frå NRK. Det er NRK som står bak den nye podkast-serien som har permiere i morgon 5. april.
Vil inspirere til samtale
– Podkasten er derfor blitt veldig ærleg og nær. Han involverer menneske i livet mitt og problemstillingar eg lurer på, seier Falch, som håpar å inspirere til samtalar og konfrontasjonar i lyttarane sine liv.
- LES OGSÅ: Ulrikke Falch-stunt får global merksemd
I serien, som i første runde skal ha ti episodar, skal Falch snakke med vennar, familiemedlemmar, ein ekskjærast, ekspertar og filosofar. Den første episoden skal handle om temaet «sinne». Falch har nemleg alltid fått høyre at ho er ei sint jente:
«Sintere enn sin tvillingsøster. Upassende sint i klasserommet. For sint selv på fotballbanen. Hvorfor kan det aldri vere positivt? Faren kaller sinnet hennes temperament. Moren kaller det kraft. Hvorfor kan ikke flere se på det slik moren hennes gjør?»
Tar opp viktige tema
Falch har, etter rolla som Vilde Lien Hellerud i NRK-serien Skam, markert seg med sterke synspunkt på tema som kroppspress og eteforstyrringar.
I podkasten skal ho både snakke med folk ho er samd med, men ho skal også invitere personar ho er sterkt usamd med, eller som ho berre er nysgjerrig på.
– Gjestane mine blir ei vidunderleg blanding av menneske. Vi har klart å samle ein gjeng som representerer ulike perspektiv og historier, seier Falch.