Ina Rangønes Libak innstilt som ny leiar i AUF

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ina Rangønes Libak (28) er i dag nestleiar i ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet, men rykkjer altså opp som leiar, dersom den samrøystes innstillinga til valkomiteen blir vedteke på landsmøtet i oktober.

Les også: AUF-Ina: – Debatten har blitt meir polarisert

Bortsett frå Libak, er heile den nye leiinga ny. Libak har sete i sentralstyret i to periodar, og vore nestleiar i den siste. Ho sit i dag i Akershus fylkesting og er medlem i hovudutvalet for skule og utdanning.

– Det er landsmøtet som avgjer, men det vil vera ei store ære å få ta over vervet, og eit fantastisk høve til hard jobbing dei neste to åra, seier Libak til Dagbladet.

22 år gamle Sindre Lysø frå Østfold er innstilt som ny generalsekretær, mens 23 år gamle Astrid Willa Eide Hoem frå Kristiansund er innstilt som ny nestleiar etter Libak.

Mani Hussaini har vore AUF-leiar sidan oktober 2014, men varsla allereie tidlegare i sommar at inneverande periode blir den siste perioden hans.

(©NPK)