Rundballar forduftar på Austlandet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fleire bønder har tatt kontakt og fortalt at det har forsvunne rundballar, til dels òg i ganske store kvanta. Dette er noko heilt nytt, og vi må nok sjå det samanheng med avlingssvikten, seier rådgivar Håvard Sundt i Landbruksforsikring.

Bøndene har meldt frå om tap på ti rundballar og meir, noko som svarer til fleire tonn med høy. Det tyder på at rundballetjuveria er både organiserte og planlagde, meiner Sundt.

– I eitt av tilfella som er rapportert inn til oss, har framandfolk til og med vore inne på eit jorde, slått graset sjølv og tatt det med seg, seier Sundt.

Les også: Tørken gir dårlegare kornavlingar enn på over 50 år

Gjer vondt verre

I fleire av sakene er det økonomiske tapet mindre enn eigendelen på 10.000 kroner, men med fôrmangel kan bonden likevel bli hardt ramma, understrekar Sundt.

Husdyrnæringa, fôrbransjen, Veterinærinstituttet og Mattilsynet har no saman laga ein rettleiar for dei som må kjøpe importert grovfôr på grunn av tørken i sommar. Der tilrår dei mellom anna å kjøpe fôr frå Sverige, Finland og Island, fortrinnsvis fôr som er produsert utan bruk av husdyrgjødsel dei siste to åra.

Les også: Vêret vert meir ekstremt i framtida

Ta Framtida.no sin klimaquiz, for å sjå kor mykje du hugsar frå sommaren