Rapport: 330.000 tonn mikroplast kjem ut i miljøet kvart år
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den største syndaren er dekkindustrien, seier studien frå forskingsorganisasjonen Fraunhofer Society. Mikroplast er mikroskopiske plastbitar som ikkje vert brote ned på mange år, og som skadar lekamar og vev som tar dei opp i seg.
Les også: Ny forskrift skal stogge mikroplastspreiing frå fotballbanar
Mikroplast kjem frå slitasje og bruk av dekk på ulike typar maskiner, fly, syklar og alle andre farkostar eller reiskapar som brukar gummi. Også kloakkreinseanlegg og byggjeplassar slepper ut mykje mikroplast.
– Vi må anta at mikroplast allereie er overalt i omgivnadane våre, seier Lenadra Hamann, ein av forskarane bak rapporten.