Kvardagsmat fekk nynorskstipend

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tidlegare i dag såg over 1000 menneske meg ta flyet frå Hovden, og dei lurar nok fælt på kva som hender vidare. Kan de hjelpa meg, spurte Anita Stokke Blomvik dei deltakarane på landsmøtet til Noregs Mållag fredag.

Ho spelte inn video på Snapchat og fortalte om stipendet med ein jublande møtelyd i bakgrunnen, heiter det i pressemeldinga få Mållaget.

Meir søkbar nynorsk
Anita Stokke Blomvik frå Ørsta står bak den populære matbloggen kvardagsmat.no, ein av få matbloggar på nynorsk. I helga fekk ho tildelt Mållaget sitt nynorskstipend på 50.000 kroner.

– Mållaget meiner bloggen til Anita Stokke Blomvik er eit godt bidrag til meir nynorsk i kvardagen både for nynorsk- og bokmålsbrukarar, seier Marit Aakre Tennø, avtroppande leiar i Noregs Mållag.

Juryen skriv mellom anna dette:

«Få av dei mykje lesne bloggane er på nynorsk. Samstundes er dei store bloggane lesne av svært mange. Dei speler såleis ei viktig rolle som føredøme og påverknadskraft for mange, og ofte unge lesarar. Noregs Mållag er glad for at stipendmottakaren tek bryet med å gå mot straumen og ser på bloggen som ein svært god ambassadør for nynorsken på eit område der han er alt for lite brukt.»

Mat i fokus
Kvardagsmat, som tidlegare i år fekk Målprisen av Ørsta Mållag, var ein av dei første nominerte då Framtida, Norsk Målungdom og Noregs Mållag kåra verdas beste nynorskblogg. Les intervju med bloggaren her. 

bloggen sin skriv Blomvik at det er stor stas at Noregs Mållag har tru på det ho gjer. 

«Eg gler meg til å løfte bloggen eit hakk og håper du som les også synest dette blir bra! Takk til Noregs Mållag som har trua på ein nynorsk matblogg, takk til mi gode venninne Caroline som tipsa om dette stipendet og tusen takk til deg som vel å lese og bruke den fordi (eller sjølv om) skriftspråket er på nynorsk! Maten vil alltid vere i fokus her på bloggen, og skriftspråket vil berre vere ein del for å formidle dette!»

Blomvik vil bruka pengane til å saman med eit digitalt byrå arbeide med å utvikle nettsidene, slik at matbloggen vert meir tilgjengeleg i søkjemotorar. Dei fleste som søkjer etter oppskrifter på nettet, gjer nemleg det på bokmål.

Noregs Mållag deler ut to slike stipend kvart år. Stipendene var ei gåve frå Kulturdepartementet ved 100-årsjubileet til mållaget i 2006.