Ny pantepris for første gong på over 25 år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målet med å auke panten er å få inn endå meir tomgods. I dag pantar vi i Noreg 86 prosent av flasker og boksar.

Infinitum (tidlegare Norsk Resirk), selskapet som driftar den norske panteordninga, har berekna at ein auke vil gi ein retur på 90 prosent.

Auken betyr fleire millionar fleire flasker tilbake, mindre CO2-forureining og redusert forsøpling i naturen.

Ei overgangsordning har fungert sidan nyttår, men frå 1. september går fristen ut for alle som må legge om til ny emballasje. Dermed får du tilbake 2 kroner for alle flasker, eller 3 kroner dersom ho er på over ein halv liter.

Les også: Grøn Ungdom vil ha snusdåsepant

Pantar heime, kastar ute

Mykje av panten i dag kjem frå brus og øl som blir drukke heime. Når ein er på farta, er det lett å slurve med panten.

– Mange unge drikk energidrikkar på bussen, for eksempel, og set igjen eller kastar boksen. Vi må nå ut med informasjon om verdien og miljøeffekten, seier Tor Guttulsrud som er direktør økonomi og finans i returselskapet.

Fleire kommunar har også begynt med ringar og haldarar på søppelkassene der folk kan sette frå seg flasker og boksar til dei som ønsker å løyse inn panten.

– Diskusjonen om ein endå høgare pant for å få inn endå meir tomgods er nok lagt død inntil vidare. Det er ein balanse mellom for høg pant og passe pant. Dersom den blir for høg, er erfaringa at det kan freiste til juks på forskjellige måtar, forklarar han.

Les også: Kun ti prosent av flaskene du pantar vert til nye

Slutt på 50 øringar

Det har vore ein lang veg å gå før flaskepanten no blir sett opp. Allereie i 2013 vart det tatt initiativ til ein auke. Noko av grunngjevinga var då at panteprisen låg på 2,50 for store flasker, sjølv om 50-øringane var gått ut av bruk.

Likevel vart saka liggjande lenge hos regjeringa før forslaget vart sendt på høyring i fjor sommar.

Før nyttår varsla miljødepartementet at panten skulle hevast for første gong sidan 1993.

Les innlegget: Til deg som skippartakspantar

 

Panting i Noreg

Rangert liste over kor mange flasker og boksar som blir panta per innebyggjar i alle fylka i løpet av eitt år:

  • Troms: 261
  • Oppland: 249
  • Telemark: 244
  • Buskerud: 237
  • Aust-Agder: 237
  • Finnmark: 233
  • Nordland: 233
  • Hordaland: 230
  • Sogn og Fjordane: 225
  • Møre og Romsdal: 224
  • Oslo: 212
  • Vestfold: 210
  • Vest-Agder: 210
  • Rogaland: 209
  • Trøndelag: 209
  • Hedemark: 201
  • Akershus: 182
  • Østfold: 164

Totalt er det blitt panta 1.135 .294 .443 einingar i Noreg det siste året.

Lista er basert på tal frå Infinitum og SSB.