JON OLAV er Årets Urørt

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva skal eg seia? Takk til absolutt alle som har stemt! Og til juryen. Og banda, eg hadde ikkje vore nokon utan dei, seier han tydeleg overvelda etter at vinnaren vart annonsert av programleiarane Christine Dancke og Eirik Havelin i årets Urørtfinale.

I selskap med Lars Vaular og Cezinando

JON OLAV vann over Heave Blood & Die, Kald Flamme og Hanne Mjøen i finalen.

Urørt lar usignerte norske musikkartistar eksponera musikken sin gratis via nettet. Et utvalg av artistane blir òg spelt på radio.

Mellom tidlegare Urørtfinalistar finn ein mellom anna Cezinando, Lars Vaular, Lemaitre, Kvelertak, Bendik og ei rekkje andre.

– Vi treng ein sånn som Jon Olav

Sondre Justad sat i juryen for Urørt, og er spesielt begeistra for framføringa til JON OLAV.

– Han er veldig modig. Eg føler eg er på festival ein sommerdag, det er heilt perfekt. Me treng ein sånn som Jon Olav i norsk musikkliv, seier Sondre Justad til P3.no.

Juryleiar Mats Borch Bugge blei heilt fullt overtydd då han såg JON OLAV live.

– Han syng dødsbra og eg trur han kan byggja eit solid livepublikum ved å dyrka ein eigen persona som folk kan følgja frå scena rundt omkring, seier han til P3.no.

LES OGSÅ: JON OLAV er klar til å bli Noregs neste superstjerne

Sjå vinnarlåta her: