For desse jentene er «Gangnam Style» mainstream. Kpop-fansen får med seg kvar minste hårstuss.

Carla Melvod Merli (17) kvin nokre ord inn i telefonrøyret. Armane flaksar og entusiasmen er vill. Ubegripeleg for ein utanforståande, men venninna Iselin (17) forstår. Carla frå Stovner har vorte kjend med Iselin frå Bergen gjennom den felles interessa.

LES OGSÅ: Sterk auke i talet på turistar frå Sør-Korea

Chaneyol mot Lei
Når ho har roa seg, forklarar Carla at ho har fått bytte til seg eit bilete av Chanyeol mot Lay. Begge gutane er medlem i det koreanske bandet EXO, og korta følgjer med i cd-ane deira. Jentene er kpop-fans, tilhengjarar av sør-koreansk populærmusikk.

Fandomen var det som fyrst fascinerte meg med kpop, fortel Iselin frå Bergen, som nyleg kom ut av skapet som kpop-fan.

Artikkelen held fram under biletet.

Carla får vite at ho har fått bytte til seg eit biletkort av Chaneyeol.

LES OGSÅ: Skammar seg ikkje over å vera«belieber»

Verdas største fangruppe
Kpop har ei fangruppe som gjer belieberane til skamme. Til dømes har det sørkoreanske gutebandet TVXQ verdas største fanklubb, kalla Cassiopeia, med over 800.000 medlemmer berre i Sør-Korea.  Bandet har òg rekorden for verdas mest fotograferte kjendisar. I Noreg er kpop framleis eit lite, men veksande, fenomen. Facebookgruppa Kpop Norge har no over 1000 medlemmer.

Jenterommet på Stovner i Oslo er tapetsert med asiatiske gutar, i ei hylle ligg ei koreansk lærebok. Til hausten skal Carla ta kveldskurs i koreansk på Berg vidaregåande, den einaste vidaregåande skulen i Noreg som tilbyr dette. Ho håpar å kunne arbeide som engelsklærar i Korea etterkvart.

Sjølv om dei kjem frå vesle Noreg har jentene fått noko nærkontakt med heltane sine.

Då det koreanske gutebandet Big Bang i fjor haldt sin fyrste konsert på britisk jord vart Wembley stadion utseld på under ein time, og ekstrakonsert vart sett opp. Carla var i salen under den eine konserten. Då fekk ho nærkontakt med heltane.

– Eg greip tak i den attmed meg og ropte “Did you see that? Did you see that?”, fortel Carla om reaksjonen etter at favorittmedlemmet G-dragon haldt ho i handa medan han song.

LES OGSÅ: Heidrar Justin Bieber med 75.000 roser

Dansedraumen
Då Tora Stene (17) var i Korea i fjor fekk ho vere med på showet SM Town. Her opptrer fleire av artistane under SM Managment, som er mellom dei største plateselskapa i Korea. Mellom desse var gutetrioen TVXQ, Superjunior, Girls’ Generation, SHINee og EXO.

– Eg fekk møtt dei fleste. Dei var veldig hyggjelege og snakka overraskande bra engelsk, fortel Tora.

Sjølv snakkar ho litt koreansk og drøymer om å flytte til Korea for å studere dans og verte bakgrunnsdansar for idola sine.

Artikkelen held fram under biletet.

Tora syner bilete av seg sjølv saman med Hyoyeaon frå Girls' Generation.

LES OGSÅ: – Vi må ta Bieber-hysteriet på alvor

Kpopens skitne hemmeligheit
Kpop er ein gigantindustri, som i 2009 selde for 30 millionar dollar og truleg dobla inntektene i 2010, ifølgje britiske BBC. Populariteten utfor Asia aukar stadig. Det er ikkje lenge sidan stjernene byrja å turnere i Europa.

Jentene på Stovner er klar over dei tøffe arbeidstilhøva idola deira arbeider under.

Tidlegare i år fortalde kpop-artisten Fwaney om sine elleve år med trening og slit. Born ned i 10-årsalderen vert plukka ut og trena opp til å bli popstjerner, men etter år med trening kan ein ende opp med å aldri debutere som artist.

Det vert òg forventa at nesten alle artistane legg seg under kniven for kosmetisk kirurgi, i landet som dei siste åra har toppa listene over kosmetiske inngrep, skriv The Global Post.

For nokre år sidan var gutebandet TVXQ i retten mot plateselskapet SM Entertainments, fordi dei meinte at kontrakten deira på 13 år var for lang og ikkje gav dei tilstrekkeleg forteneste. Bandet vann rettsaka og ein modellkontrakt vart utforma for å betre arbeidsforholda. Sjangerens internasjonale gjennombrot og møte med selskap i andre land, verkar truleg mot det som har vorte omtala som slavekontraktar.

– Ein vert ganske emosjonell og trist når det kjem dårlege nyheiter om favorittanesine, fortel Iselin.

Som koreansk popstjerne er det forventa at ein stiller opp på meir enn berre konsertar. Det er ei heil produktpakke, som vert tilbydd fansen. Realityprogram som «Hello Baby», ei slags ekstrem form av NRK sin «Kjendisbarnevakten», er berre eit av showa der artistar bidreg.

Eit anna er «After school club», der Bergens-jenta Iselin og Tora nyleg var med, som fyrste nordmenn. Det er eit Internettsendt tv-program der fans frå heile verda får snakke direkte med idola sine via webkamera.  

– De er fantastiske, seier Iselin til den nye gruppa LC9, og får ein brunchinvitasjon tilbake.

Artikkelen held fram under biletet.

Iselin og Tora fekk delta i eit tv-show, der dei snakka med bandet LC9.

LES OGSÅ: Biebermania

Oppe heile natta
Plateselskapa gjev fansen det dei vil ha. Det kjem smakebitar frå nye songar. Kvar nye utgjeving vert kalla eit comeback, og årleg haglar detmed kpop-comeback.

– Har ein ikkje følgt med ein halv dag er ein ute av det, fortel Carla.

– Ein kan fort nytte ein heil dag på Internett med fandomen, fortel Iselin.

Fleire av jentene har sete oppe heile natta for å få med seg nye bilete av favorittgruppa eller artisten som skal sleppast. Denne dagen var Carla oppe klokka sju for å få med seg den nye smakebiten frå soloartisten Xia, som ifølgje Carla er verdas vakraste mann.

– Ein får med seg om ei kpop-stjerne har skifta hårsveis, om det så berre er stussa, seier Carla.

LES OGSÅ: Christer (20) gjer suksess med boyband

Hårbonanza
Nye hårsveisar er mellom hendingane som får det til å hagle med kommentarar frå kpop-fans på Tumblr.

– Då eg fyrst byrja å like kpop, freista eg å kjenne att artistane på hårsveisane, men dei skiftar jo heile tida, fortel Carla.

Etter mellom to og tre år som kpop-fans har ikkje jentene lenger problem med å skilje mengdene av asiatiske gutebandmedlem frå kvarandre. Namna har òg vorte lettare.

Hallyu er namnet kinesarane har gjeve den koreanske kulturbølgja. Kina og Japan har lenge vore ein stor marknad for kpop og kdrama, no breiar hallyu seg.

LES OGSÅ: Meir popmusikk på norsk

Gangnam style
– Songane er på koreansk, gjerne med ein random setning på engelsk, som til dømes «Wow, fantastic Baby», fortel Carla.

– Den såg eg forresten på Glee her om dagen, skyt Iselin inn.

Musikk frå store kpop-grupper, som Big Bang, er med andre ord på god veg inn i den vestlege kulturen. Som kpoparar kjem ein i alle fall ikkje utanom megahiten «Gangnam Style» av Psy.

– Eg likte «Gangnam Style» før han vart mainstream, fortel Iselin.

Sjølv om dei vart leie av songen lenge før han tok verdsrekorden i talet på Youtube-visningar, er jentene glade for at Psy sette musikksjangeren på verdskartet.

– Men Psy er ikkje heilt representativ for kpop, for han parodierer det på ein måte, fortel jentene.

Artikkelen held fram under biletet.

Iselin med ei plate av favorittgruppa Block B. Jentene bestiller platene frå Kina.

LES OGSÅ: Styr unna denne mannen

Moderate
Jentene medgjev at samanlikna med folk som er fan av andre artistar er dei ekstreme. I kpop-målestokk er dei likevel ganske moderate fans. Dei er trass alt ikkje saesaeng, som er namnet på den koreanske fansen som forfølgjer sine idol.

I sommar tek Tora med seg Carla attende til Korea. På den tre veker lange turen skal jentene få med seg ein konsert med Infinte og musikalar med kjende kpop-artistar.

– Noko av det som er fint med kpop er at det sterke bandet mellom fansen, fortel Tora.

– Treff ein nokon med ei kpop-t-skjorte har ein straks noko til felles, fortel Carla, og legg til:

– Det går ikkje ann å mislike den catchy musikken. Ein vert glad av den.

Jentene er heilfrelste, og trur dei vil fortsette å vere det i åra framover, sjølv om Carla vonar ho veks av seg dei ekstreme gledeutbrota.

– Kpop er som eit virus, som berre veks seg større og større etter at du har fått det, seier Iselin.


Carla syner bilete av favorittartisten Xia. Rommet hennar er fylt av kpop-plakatar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

Kommentarar

ANNONSE