Framtida
Publisert
Oppdatert 11.02.2018 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk blir gjerne framstilt som utskot

Shinhwa er favorittgruppa til 23 år gamle Mai Silje Vabø frå Lindås i Hordaland. Det er ikkje eit namn ein høyrer ofte i Noreg. Det er nemleg ei sør-koreansk gruppe som består av seks menn, som debuterte i 1998.

– Eg er litt «old school», ler Mai Silje.

K-pop er ei forkorting for koreansk popmusikk. Søker ein etter K-pop på nettet, er nokre av dei første namna som kjem opp Girls’ generation, 2NE1 og Big Bang. Jentegruppa 2NE1 har over ni millionar «likes» på Facebook, men i Noreg er det framleis relativt få som høyrer på K-pop. Dei som gjer det, finn likesinna på internett, som til dømes i Facebookgruppa «K-pop Norge», som har over 1900 medlemmar.

– Ein blir på ein måte tvungen til å leite etter dei som likar det same som deg, når det er så få, forklarer Mai Silje.

Ho er sjølv med og arrangerer treff for norske K-pop-fans.

– Vi er ikkje mange nok til å få artistane vi likar til å kome til Noreg, så litt initiativ må vi ta sjølv, seier ho.

LES OGSÅ: Musikkvideo redda Sonita (16) frå tvangsekteskap

Kommersielt
– Kva var det som gjorde at du vart interessert i akkurat koreansk popkultur?

– Eg har alltid vore fascinert av asiatisk kultur, fordi den er så annleis frå vår eigen. Via Youtube kom eg tilfeldigvis over nokre klipp frå ein koreansk dramaserie, som eg starta å sjå med søstera mi. Etter første episode visste vi ikkje heilt kva det var vi hadde sett, men vi fortsette å sjå på det, og enda opp med å like det kjempegodt.

Ein av dei største forskjellane på K-pop og vestleg musikk, er ifølge Mai Silje at det er lagt mykje meir vekt på å selje kommersielle produkt. Ein CD er ikkje berre ein CD, men kan likne meir på eit lite leksikon, noko ho viser med Shinhwa-albumet ho har tatt med seg til intervjuet, som også inneheld ei bok med bileter.

– Og så gir dei ofte ut fleire versjonar av same album, til dømes ein versjon for kvart medlem av gruppa.

LES OGSÅ: K-pop-fansen slår belieberane

Stigmatisert
– Korleis er det å ikkje forstå teksten til musikken ein høyrer på?

– For meg har det aldri vore eit problem, for teksten er ikkje det viktigaste. Men eg har jo etter kvart fått eit ganske stort ordforråd på koreansk, så eg kan plukke opp ein del av kva dei syng om. Det er eit av dei spørsmåla eg får oftast, og er tydelegvis noko folk synst er vanskeleg å forstå.

Mai Silje synst det er viktig å understreke at koreansk kultur ikkje er det einaste ho er opptatt av, og meiner folk som høyrer på K-pop har ein tendens til å bli litt stigmatisert.

– Det er ein heilt normal hobby, som alt anna. Folk blir gjerne framstilt som utskot som ikkje hadde sosiale liv før dei fann ein fellesskap gjennom K-pop. Slik var det ikkje for meg, eg har alltid vore veldig sosial, seier ho.

Likevel er det mange som ikkje forstår interessa, og då kan det vere godt å ha nokon å dele den med.

– Eg har blitt kjent med folk frå heile verda, seier ho.

Flyttar til Korea
Bestevenninna trefte ho på ein K-pop-konsert i Paris. Dei hadde snakka på nettet før, og avtalte å møtast. Etter å ha vore ein dag med kvarandre fann dei ut at dei skulle reise på tur til Seoul saman i to veker.

– Sidan det har vi vore bestevenner, seier Mai Silje.

Neste år planlegg dei å flytte saman til Korea. Mai Silje har studert journalistikk i London i tre år, med fokus på «arts and entertainment». I tillegg skriv ho frivillig for eit av Europas største nettmagasin om koreansk popkultur.

– Eg har heile tida sikta meg inn på ei karriere i Korea, forklarer ho.

LES OGSÅ: Han har forska på M2M

Med over 2 milliardar visningar er Gangnam Style den mest sette videoen på Youtube nokosinne:

Gangnam Style
Sjølv om du ikkje har høyrd om nokre av gruppene som er nemnd så langt i artikkelen, er det ein song du nesten garantert har fått med deg.

– Eg må nesten spørje; korleis var det i K-pop miljøet då Gangnam Style vart så populær?

– Å, det var så merkeleg, ler Mai Silje.

– Plutseleg var det veldig mange som trudde dei visste kva musikk det var eg høyrde på, noko som ikkje stemte i det heile tatt. Mange skjønte ikkje at musikkvideoen var ein parodi på dei rike i Korea, og at songen eigentleg er veldig humoristisk.

Ho fortel at dei som høyrer på K-pop til vanleg heller ikkje skjønte kvifor det var akkurat den songen som skulle bli så populær i Noreg og resten av den vestlege verda.

– Men den gjorde mykje bra også. Det vart plutseleg mykje meir akseptert å snakke om K-pop, og miljøet har vakse ein del på grunn av det. Men det vart irriterande i lengda at enkelte trudde all K-pop var slik som Gangnam Style, seier ho.

Forbrukarbasert populærkultur
– K-pop har lenge vore veldig populært i Søraust-Asia, men har hatt gradvis stigande interesse i Europa og Amerika dei siste åra, seier Vladimir Thikonov, som er professor i Aust-asiastudiar ved Universitetet i Oslo.

Han skildrar fenomenet som ein forbrukarbasert populærkultur, som blir produsert på ein nesten fabrikkliknande måte av store selskap i Sør-Korea.

– Desse selskapa skaper talent, som blir trena opp i koreografi, song og dans. Deretter blir dei marknadsført.

LES OGSÅ: – IKT har redda kinesisk

Aura av middelklasse
Han forklarar også at kulturen har ein aura av middelklasse, noko som kan vere svært tiltrekkande i fattige land, som Vietnam, Laos og Kambodsja. Dette trur han kan vere ein av grunnane til at musikken framleis har relativt få tilhengarar i Noreg.

– Nordmenn er ganske bortskjemte forbrukarar. Vi har så mykje å velje mellom, seier han.

Men han merker at både koreansk og japansk popmusikk har gjort sitt inntog hos mange av hans eigne studentar. Og at dei blir oppslukt av den koreanske kulturen har han ikkje noko problem med å forstå.

– Det er eit interessant land, med fine folk. Dei er gjestfrie, og er også veldig interesserte i andre, seier han.

Her kan du sjå og høyra favorittbandet til Mai Silje: