Kronprinsessa og statsministeren rørt av Olaug Nilssens bok om autistisk son

Med boka «Tung tids tale» har Olaug Nilssen rørt både statsministeren og kronprinsessa. No håper ho familiar med autistiske barn skal få betre hjelp.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er viktig for meg at du faktisk gidd å snakke med meg om dette temaet, sa Nilssen til statsminister Erna Solberg (H) på eit arrangement på Litteraturhuset tysdag.

Kronprinsesse Mette-Marit sat på første rad då forfattaren og regjeringssjefen møttest til samtale om boka Nilssen har skrive. Den handlar om livet som mamma til ein autistisk gut og kampen for å få hjelpa familien treng.

Riksteateret har laga framsyning av den kritikarroste romanen. Når stykket no skal på turné, håpar både Nilssen og statsministeren at mange vil sjå det og forstå den fortvila situasjonen desse familiane er i, særleg dei i kommunen som skal hjelpe.

Les også: 32 millionar til forsking på ADHD og autisme

Forstå dei pårørande

– Eg trur dei kan få forståing av korleis pårørande opplever dette. Dei møter jo ofte pårørande som er utslitne og som har eit litt lågt toleransenivå om dei ikkje blir tatt på alvor, sa Solberg.

Ho meiner mange foreldre har strekt seg langt før dei ber om hjelp og håpar betre støtte kan gjere at dei klarer å stå i det lenger.

– Eg trur boka kan bidra til å gjere noko med korleis vi behandlar pårørande. Det vil igjen bety noko for barna, sa statsministeren, som innrømmer at det er manglar i systemet.

Les også: Kan ha løyst autismeoppgåva

– Skildrar ein ekstrem situasjon

Ho poengterer at det er vanskeleg for henne, som har to friske barn, å sette seg inn i situasjonen og følelsane Nilssen skildrar, men meiner det er mogleg å relatere seg til mora.

– Det er mange dokumentarar eller lange reportasjar der ein journalist prøver å formidle ein historie, men dei klarer ikkje å komme så tett på følelsane som denne boka. Opplevinga av utmatting og den ekstreme situasjonen klarer ikkje andre å formidle, sa Solberg.

– Eg trur Erna Solberg forstår denne situasjonen betre enn mange andre politikarar, konstaterte Nilssen.

Regjeringa har nettopp sett ned eit ekspertutval om autisme og kva slags hjelp barna og familiane treng.

Eksistensielt

Kronprinsessa fortalde at det var andre sider av boka enn den politiske som rørte henne så sterkt at ho har lese den to gonger.

– Det som vart tatt opp i dag, var eit heilt anna tema enn det eg opplevde då eg les den, som er det eksistensielle i boka. Kva det gjer, kva som er med ein som menneske når dette skjer med livet, sa kronprinsessa.

Ho beklaga at ho ikkje får sett teaterpremieren fredag, men lova å få med seg stykket.

Les også: Nynorsk litteraturhistorie blir tilgjengeleg på nett