2.000 ledige oljejobbar i Rogaland – må hente folk i utlandet
Av 5.000 ledige jobbar i Rogaland kan så mange som 40 prosent av dei knytast til oljesektoren. Ifølgje Stavanger Aftenblad må Nav rekruttere folk i utlandet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter oljeprisfallet i 2014 forsvann mellom 40.000 og 50.000 personar frå oljesektoren. Rogaland gjekk frå å ha lågast arbeidsløyse i landet, mellom 1 og 2 prosent, til å vere eitt av fylka med høgast arbeidsløyse på 3,5 prosent brutto, ifølgje Aftenbladet.
Likevel klarer ikkje fylket å fylle dei oljejobbane som no skal vere tilgjengelege.
Les også: Ti ekspertar oppfordrar til kutt i norsk oljeeksport
Kamp om fagfolka
– Talet på ledige jobbar i Rogaland er no atskilleg høgare enn på same tid i fjor. Enkelte fagfolk er det vanskeleg å få tak i, og vi må rekruttere i utlandet, seier fylkesdirektør Truls Nordahl i Nav Rogaland til avisa.
Ei viktig årsak til mangelen på folk er at det går bra i mange bransjar, i nesten heile landet, slik at det blir kamp om fagfolka.
Av 2.500 ledige stillingar lyst ut i Rogaland i juli, var det flest innan ingeniør/IKT, med 468 utlyste.
Les også: Solnedgang for oljenæringa?