– Fin måte å oppleva og læra seg nye ting på

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Sunnhordland.no.

Høgskulen på Vestlandet si friluftslinje «Fjords and glaciers» hadde skulestart sist veke, og på første overnattingstur tok elevane turen til Lundarstøl for å læra seg om friluftsliv og natur i ein pedagogisk samanheng.

– Oppvask i elva var gøy, litt vanskeleg, men eg har gjort det før heime i Spania, smiler Lourdes Martinez.

LES OGSÅ: Ingrid (20) ville studera heime på Stord

Klassen består av 13 elevar, og Lourdes er ein av tre lærarstudentar som kjem frå Spania. Ho fortel at grunnen til at ho tok turen til Norge, var for å sjå ting frå eit anna perspektiv.

– Eg har lyst til å finna nye metodar å læra frå seg ting på, og så vil eg jo bli lærar, men eg veit ikkje heilt kor, held ho fram.

NYTTAR ELVA: Elevane lærar seg å korleis dei kan nytta seg av naturen på Fjords and glaciers. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Ved gapahuken på Lundarstøl held studentane Gro Susanne Selnes Rognsvåg frå Haugesund, og Sara Holbak frå Aalborg på med å læra seg praktiske knutar.

– Eg veit ikkje kva eg skal bli, eg. Men eg ville vera ute i naturen i staden for berre i eit klasserom, difor søkte eg meg her, seier Rognsvåg.

– Reising er noko eg alltid har hatt lyst til å gjera, og dette er ein fin måte for meg å oppleva og læra seg nye ting på, som kjem godt med seinare, seier Sara Holbek, som har erfaring som vikarlærar.

UTFORDRANDE: Det tek litt tid å få til knuten første gongen. Gro Susanne Selnes Rognsvåg (20) frå Haugesund kikar på arket, medan faglærar Jørgen Nerland hjelper elevane. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Den engelskspråklege linja starta i haust opp for tredje gong på HVL, etter to pausar sidan oppstarten i 2002. Linja er støtta av utvekslingsprogrammet Erasmus, og i år har linja elevar frå landa Belgia, Nederland, Spania, Danmark og Norge.

– Studieåret på linja held fram i eit halvt år og gjev studentane 30 studiepoeng. Studiet er sentrert rundt fire hovudturar. Ein kanotur i Sveio, ein bretur på Folgefonna, hytte til hytte i Etne-fjella, og segltur med «Seladon», seier faglærar Helga Aadland.

LES OGSÅ: Få barna ut i den verda dei lærer om!