Få barna ut i verda dei lærer om!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Løkker og skøytebaner er forlatt, gatene er tomme, inne lyser skjermene. Hvilket bidrag er det da å forkynne nettbrettets betydning for en treåring?» Dette skriv Simen Tveitereid 18.09.14 i nettmagasinet Harvest, eit nettmagasin for dei som lengtar etter å vere meir ute i naturen. Bakgrunnen for denne formuleringa er debatten om IKT i skulen. Tveitereid gjer greie for korleis IKT-ferdigheiter har blitt likestilt i læreplanar saman med lesing, skriving og regning, samstundes som at det opplevast at kva  4-åring som helst kan finne ut av og trykkje seg rundt i ein app på eit nettbrett.

Helsedirektoratet seier at berre 3 av 10 nordmenn følgjer deira tilrådingar om mengde fysisk aktivitet(1). Med for lite aktivitet aukar risikoen for fedme og hjarte- og karsjukdomar. Fedme er eit aukande problem, og ifølgje Folkehelseinsituttet og WHO er over halvparten av norske 45-åringar overvektige(2). Andre undersøkingar viser og at det er stor samanheng mellom fysisk aktivitet og psykisk velvære, noko som understrekar kor viktig fysisk aktivitet er.

Når vi ser på innhaldet i skulen i dag er det viktig at vi startar med det overordna føremålet til skulen, slik det er definert i den generelle delen av læreplanen: “Målet for opplæringa er å ruste barn, unge og vaksne til å møte livets oppgåver og meistre utfordringar saman med andre. Ho skal gi kvar elev kompetanse til å ta hand om seg sjølv og sitt liv, og samtidig overskott og vilje til å vere andre til hjelp.”(3) IKT-ferdigheiter er sjølvsagt viktig, og er heilt naudsynt i dagens samfunn med ei stormande teknologisk utvikling. Datamaskiner, duppedingsar og skjermar er rundt oss heile tida, og den oppvaksande generasjonen tileigner seg denne kunnskapen i takt med oppveksten. Som nemnt ovanfor, nemner forsking at derimot den fysiske aktiviteten berre minkar og minkar. Derfor stiller eg spørsmålet: kva er viktigast for å ta vare på seg og livet sitt? Auka satsing på IKT, eller auka satsing på fysisk aktivitet?

Ifølgje Norsk Helseinformatikk er 22 % av barn i 9-årsalderen er for lite aktive. I 15-årsalderen aukar talet til 50 %.(4) Barna fortel at grunnen til fråfallet er mangel på indre motivasjon, glede og meistring i aktivitet. Tala kan tolkast som at barna ikkje har fått nok erfaring med korleis fysisk aktivitet kan vere morosamt. Det finnast sikkert mange grunnar til det, men det er grunn til å tru at motivasjonen til å drive fysisk aktivitet står og fell på meistringskjensle. Frå psykologien veit vi at ei handling som fører til meistring er ei positiv oppleving og aukar sannsynet for at handlinga gjentakast.

Kroppsøvingsfaget får sjølvsagt mykje ansvar når vi snakkar om fysisk aktivitet. Alle elevar likar ikkje dei same aktivitetane, og nokre likar svært få aktivitetar. Med omsyn til tala har kroppsøvingslæraren eit stort ansvar for å leggje opp undervisninga slik at samtlege elevar får ein positiv oppleving av fysisk aktivitet. I formålet til kroppsøvingsfaget står det at kroppsøving skal inspirere elevane til et livslangt fysisk aktivt liv(5). Ergo, kroppsøving må ikkje berre bidra til halde barna i aktivitet der og då, men og vere så inspirerande at barna lærer korleis aktivitet kan opplevast positivt slik at det vert heldt ved like vidare gjennom livet.

Det er nettopp her variasjon og lågterskelaktivitetar kjem inn. Skulen har alle moglegheiter til å gi elevane den variasjonen, berre ein er kreative og tør å tenkje annleis når ein legg opp undervisinga. Lærarar bør strebe å ta undervisinga ut av klasserommet, til skulegarden eller nærliggande friområde. At læringa skal skje sittande på ein pult inne i eit rom, er berre en sosial konstruksjon bygd på forelda prinsipp om pedagogikk. Min tanke om kvifor læringssituasjonar som dette framleis er ein så stor del av realiteten i skulen, er at tankar om undervisning i skulen byggjer på tradisjon og økonomisk effektivitet, og ikkje på læring, vekst og utvikling.

Ta for eksempel med ei elevgruppe på en ekskursjon ved ein isbre. Her lærer dei om geografi og om korleis breen formar landskapet medan dei ser det i naturen og får ei naturoppleving. Tilbake på skulen kan ein i samfunnsfagtimen trekkje inn klimaproblematikk og korleis det påverkar breane. I naturfagtimen kan ein snakke om korleis smeltevatnet kan brukast til vasskraft og energiutvinning. Vidare blir det aktuelt med kretsløpet til vatnet. I matematikken kan ein rekne på volum av breen, farten på breen og mengde vatn som smeltar i døgnet. I norsktimen kan ein trekkje inn nasjonalromantikk, landskapskunst og Wergeland. Heile vegen handlar det om den eine dagen elevane fekk oppleve breen, og å trekkje ulik læring ut av det. Dette er eit eksempel på konkretisering, eit viktig undervisningsprinsipp alle lærarar kjenner til(6).

Piaget meiner at det som skjer når ein lærer noko er bygging av “skjema”. “Skjemaet” ditt er di oppfatning av verda, og nye erfaringar vert knytt til dei skjemaa du allereie har. Vi har alle opplevd korleis mentale knaggar kan hjelpe oss med å hugse ting vi kan frå før, for å forstå det nye vi lærer betre. Slik kan vi for eksempel forklare at ein person kan hugse alle spelarane på mange ulike fotballag. Ifølge Piaget er det slik kunnskap fungerer.(7) Med skjemabygging i bakhovudet kan vi trekke inn tverrfaglegheit. Her kjem friluftsliv inn som forklart i eksemplet ovanfor.

Konkretisering er ofte nøkkelen til læring og blir nemnt som eit viktig undervisningsprinsipp og er sterkt knytt til motivasjon(6). Derfor må vi relatere læring i skulen til livet og verda rundt oss. Eleven må forstå den praktiske tydinga av kva 1 kubikkmeter er, kva det er ute i verda og ikkje berre på papiret. Verda rundt oss er utanfor klasserommet.

No skal lærarutdanningane bli meir forskings- og vitskapsbaserte. Burde vi ikkje òg setje fokus ut av papir og ut i den praktiske verda? Vi må sørgje for at lærarar og lærarstudentar får kompetanse til å gjere all mogleg læring praktisk. Å vere utandørs, gjere forsøk og oppleve verda bør vere ein naturleg del av skulekvardagen til barn og unge. Gevinstane vil kome til syne både ved at barna kan knytte fag til verda rundt seg, og at fysisk aktivitet og rørsle er ein naturleg del av kvardagen. I Lærarløftet regjeringa nettopp har lagt fram er ord som fysisk aktivitet, utandørs og ute heilt fråverande. Kvifor satsar vi ikkje meir på å blande inn aktivitet i undervisinga? Ein lærarstudent kan ha så mykje kunnskap han vil om vitskapeleg metode, men dersom han ikkje då evnar å undervise på andre arenaer enn i klasserommet, kva er slik kunnskap verd for han i skulekvardagen?

Eg meiner læreplanane for fag i grunnskulen er gode nok. Læreplanane seier noko om kva som skal lærast, men lite om korleis. Det er opptil kvar enkelt skule og kver enkelt lærar å leggje opp undervisning på den måten dei synast er mest føremålsteneleg. Her har du som lærar alle moglegheiter! Alle lærarstudentar må verte klar over kva handlingsrom læreplanen gir. Dei må lære kva moglegheiter som er tilstades. Dei må lære heilt konkret korleis undervisinga kan gjerat praktisk, tilpassa den faktiske verda utanfor dei fire veggane til klasserommet. Lær oss å bruke den ekte verda til å forstå den, for det er vel det skulen handlar om?


Denne kronikken blei først publisert i Under Utdanning nr. 3 2014.

Kjelder:

    1.         http://helsedirektoratet.no/folkehelse/fysisk-aktivitet/anbefalinger/Sider/default.aspx 5.12.11 henta 06.10.14

    2.         http://www.fhi.no/tema/overvekt-og-fedme henta 06.10.14

    3.         http://www.udir.no/Lareplaner/Kunnskapsloftet/Generell-del-av-lareplanen/Innleiing/ henta 06.10.14

    4.         http://nhi.no/trening/fysisk-aktivitet-og-helse/barn-og-fysisk-aktivitet-en-gave-for-livet-40337.html henta 06.10.14

    5.         http://www.udir.no/kl06/KRO1-03/ henta 06.10.14

    6.         Brattenborg S. & Engebretsen B. 2007. Kroppsøvingsdidaktikk. Kristiansand. Høyskoleforlaget.

    7.         Manger T. et al. Livet i skolen 2, s. 124