David (19) vann NM i matte – OL neste

Mattestykke om damesko og sjokoladar måtte løysast før David Strømme Eikeland (19) sikra seg NM-tittelen i matematikk.

NPK-NTB
Publisert

Dei siste fire åra har han lege i toppsjiktet i den prestisjetunge Abelkonkurransen. Til dagleg går han på Sandnes vidaregåande skule.

Eikeland utkonkurrerte 19 andre finalistar, og nesten 3200 deltok i dei innleiande rundane. 19-åringen vann finalen overlegen med sine 33 av 40 moglege poeng. No skal han vidare til OL i matematikk.

Andreplass gjekk til Aksel Løvholt frå Oslo katedralskole. Ivar Lee Fevang frå Thora Storm vidaregåande skule i Trondheim kom på tredjeplass.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun delte ut premiane i årets Abelkonkurranse.

– Vi treng dykk unge som brenn for realfaga og matematikken. De er gode rollemodellar og beviset på at matte kan vere gøy, sa ho i talen sin til finalistane.

Her kan du sjølv bryna deg på tidlegare oppgåver i konurransen!