60 år sidan den første hunden i rommet døydde: – Laika betalte ein høg pris

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

60 år sidan romhunden Laika døydde: – Betalte ein høg pris

Saka var først publisert i ABC Nyheter.

I dag er det 60 år sidan den russiske hunden Laika blei verdas første levande vesen i bane rundt Jorda.

Det er også nøyaktig 60 år siden den berømte romhunden døydde. Den tidlegare russiske laushunden levde nemleg berre i fire vettskremde timar etter oppskytinga, og døydde av stress og overoppheting i den russiske satellitten Sputnik 2.

– Det var ein høg pris å betala for å vera det første levande vesenet i verdsrommet, fortalte romfartsekspert Erik Tandberg til ABC Nyheter i samband med 50-årsjubileet for oppskytinga av Laika og Sputnik 2 i 2007.

Laika har fått evig liv i populærkulturen. Her figurerer ho på eit ungarsk frimerke.

Han var 25 år og student i USA då nyhendet om at Sovjetunionen hadde fått ein hund i verdsrommet blei kjent.

– Det var eit nytt overraskingsmoment frå Sovjetunionen, og ikkje minst eit ubehageleg nyhende for USA, som på denne tida både hadde eit romkappløp og eit missilkappløp med Sovjetunionen, ifølgje Tandberg.

Ønskte ny suksess

I november 1957 var det ein månad sidan Sovjetunionen hadde forbløffa heile verda og innleia romalderen då Sputnik I blei skoten opp i rommet. Sputnik I var den første gjenstanden i bane rundt Jorda, og suksessen begeistra leiarane i Sovjetunionen, som sporenstreks ønskte seg ein ny triumf som markering av 40-årsjubileet for den russiske revolusjonen i 1917.

Ifølgje Tandberg tinga sovjetleiar Nikita Khrusjtsjov, som sjølv ikkje var så oppteken av romfart, noko spektakulært som ytterlegare kunne heva den nasjonale prestisjen og statusen til Sovjetunionen etter at han såg kva slags overskrifter romfartssuksessen skapte:

Ein firbeint pioner skulle sendast opp i verdsrommet!

Modell av simulatoren Laika brukte under treningsprogrammet. Wikimedia Commons

Modell av simulatoren Laika brukte under treningsprogrammet. Wikimedia Commons

Gatehunden Laika

Laika var ei tre år gammel tispe av blandingsrase plukka opp frå gata i Moskva. Opphaveleg heitte ho «Kudryavka» (Lille Krølle), men ho blei gitt namnet «Laika» etter hundetypen sin, spisshund.

Etter å ha gjennomgått trening saman med to andre hundar, blei den seks kilo tunge gatehunden Laika utvald til å bli levande passasjer på Sputnik 2.

Lagnaden til den berømte passasjeren var ikkje noko som blei diskutert før senere. Sputnik 2 var ikkje designa for å landa, så Laika «måtte» døy. Ifølgje den russiske propagandamaskinen skulle Laika skånsamt sovna inn etter ti dagar i rommet, etter å ha ete forgifta mat. Den russiske propagandaversjonen levde i mange år. Først i 2002 blei det kjent at Laika fekk ein annleis og mykje meir brutal lagnad.

Høg pris

Då Sputnik 2 blei skoten opp, førte den kraftigte akselerasjonen til at hjerterytmen til Laika auka til tre-fire gonger det normale, og blodtrykket auka valdsamt. Ei stund etter at Sputnik 2 var komen i bane roa Laika seg, men stresset ho hadde opplevd og varmen i kapselen (over 40 grader), gjorde at ho døydde etter berre fire timar.
Laika har fått et evig liv i populærkulturen. Her figurer hun på et rumensk frimerke. Foto: Wikimedia Commons.

Modell av Sputnik 2. Wikimedia Commons

Men forsøket viste også at levande organismar kunne overleva i verdsrommet. Dermed bana Laika vegen for menneske i rommet.

Skriven i romhistoria

Etter suksessen hamna Laika på alle sine lepper og på frimerke over hele verden. Ingen har noko tal på kor mange hundar som har blitt oppkalla etter henne.

Trass i at namnet Laika for alltid vil vera skrive inn i romfartshistoria var ho slett ikkje den første til å reisa ut i rommet. Den prisen tar ein sverm bananfluger som blei skoten opp med ein V2-rakett frå New Mexico i 1947. Flugene skal visstnok ha overlevd ferda, men har av opplagde grunnar ikkje markert seg like mykje i populærkulturen som hunden Laika – som var det første pattedyret i historia som gjekk i bane rundt jordkloden.

«Kista» med Laika brann opp i atmosfæren den 4. april 1958. Då hadde den vesle gatehunden gått i bane rundt Jorda 2570 gonger.