Anna Børve (24) er i mot at ungdom i konfirmasjonsalder kjem inn på bygdedans. – Eg veit om fleire, meg inkludert, som har opplevd ulike tilnærmingar.
Mari Hansen
Mari Hansen

– Då eg sjølv var ung tenkte eg ikkje særleg over dette med aldersgrense. Det var fyrst då eg sat som politikar, og me fekk tilsendt ein rapport, at eg endra synspunkt, seier Anna Børve.

Ho sat i formannskapet i Ullensvang då dei fekk ein rapporten som viste at ungdom i Ullensvang hadde ein mykje lågare debutalder for alkohol enn landsgjennomsnittet, heilt nede i 13-14 år.

– Det var det som fyrst fekk meg til å tenkja. At ungdom debuterer i så ung alder, er noko som må takast alvorleg, og difor finn eg det noko ironisk at kommunen legg til rette for å oppretthalda ein tradisjon, som etter mi meining ikkje er med på å snu trenden, seier Anna.

LES OGSÅ: 13 prosent av norske kvinner har blitt seksuelt krenkte i fylla

– Er redd for uynskt åtferd og hendingar

Anna byrja å stilla spørsmål om kvifor ungdomane skulle ta del i arrangement der det var alkoholservering.

– Det er jo ikkje til å leggja skjul på at når ungdom er i eit miljø der det vert nytta alkohol vil dei ha lettare tilgang på det, fortel ho.

Det er mange som seier at det er trygt å ha eldre der, men det finst jo folk som misbrukar det òg, fortel ho. I rusa tilstand vil enkelte ha lågare terskel for å gjera ulike tilnærmingar og det er ikkje heldig.

– Eg veit om fleire, meg inkludert, som har opplevd ulike tilnærmingar. Det er noko som ikkje skal skje, og hadde mest sannsynleg ikkje skjedd utanfor den arenaen. Er du ein usikker person, kan det fort utvikla seg heilt feil. Bekrefting og merksemd er noko alle ynskjer, og spesielt etterlengta er det i tenåra. Då er det ikkje alltid lett å ta rette val.

– Eg veit om fleire, meg inkludert, som har opplevd ulike tilnærmingar.

LES OGSÅ: Mindreårige fekk kjøpe alkohol på eitt av fire forsøk

Kulturelle forskjellar

Anna hugsar argumenta til ungdomen då saka var oppe. Argumenta var at det er så lite å finna på i Sørfjorden. Viss me ikkje har dansen, kva skal me gjera då?

– Eg og to andre SP-politikarar gjekk saman om å laga eit forslag om rusfrie arrangement med dans. For det var dans og musikk som vart framheva som det viktige, fortel ho.

– Då eg flytta til Hol diskuterte eg saka med fleire her borte. Dei trakk fram at Hol var ein god kommune å veksa opp i, med eit stort fokus på idrett og fritidsaktivitetar. Dei aller fleste hadde sein debut med alkohol, då dei var svært fokusert på idretten. Det fekk meg også til å reflektera over kvifor det er slike kulturelle forskjellar. Og det eg tydelegast såg, var ulikt fokus på kultur og tradisjon, og utvikling og aktivitet.

– Eg skal sjølvsagt vera forsiktig, men idrett og aktivitet er svært godt tilrettelagt i Hallingdal og difor lettare tilgjengeleg for fleire. Det finst milevis med gangveg i heile kommunen, det er nær tilgang til fjellet, og om vinteren har dei aller fleste 10-20 minuttar til nærmaste skisenter. Mennesket er skapt for rørsle, og med ein slik entusiasme for idrett som er i Hallingdal – skjønar eg at ungdom har fokus på andre ting enn å vera med dei vaksne på fest!

– Eg synes det var få tilbod – då eg vaks opp, om du ikkje var interessert i lagidrett, då. Eg trur Ullensvang treng fleire fritidstilbod, eg veit ikkje om det er svaret, men eit steg i rett retning, reflekterer ho.

LES OGSÅ: Halvparten av alle unge kvinner seksuelt trakasserte

– Galskap

Anna meiner det er viktig å ta seg tid til å stilla seg sjølv kritiske spørsmål. Kvifor gjere me dette? Er dette noko me skal halda fram med å gjera? Ho fekk reaksjonar når ho fortalde om bygdedansen i Hardanger.

– Alle uteplassane på Geilo har 20-årsgrense. Folk herifrå, synest det var galskap når dei hørte at der eg kom i frå var ungdommen med dei vaksne på fest. Dei vart forundra og kunne ikkje skjøna kva interesse dei som lovleg kunne inntaka alkohol hadde av å ha ungdom ned i 14-årsalder med på fest. Det fekk meg til å reflektera. Er det slik andre delar av landet ser på dei tradisjonane me har? avsluttar Anna Børve.

LES OGSÅ: Fyllekuler i tenåra kan skade hjernen

Dei vart forundra og kunne ikkje skjøna kva interesse dei som lovleg kunne inntaka alkohol hadde av å ha ungdom ned i 14-årsalder med på fest.

 

Oppdatert: måndag 13. august 2018 12.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE